LibreOffice 25.2 Hjelp
Merkjer eller fjernar dupliserte rader eller kolonnar frå utvalet. Dialogvindauget for dupliserte postar har ulike alternativ.
Samalikn: spersifiserer om rader eller kolonnar skal samanliknast.
Overskrift: spesifiserer om dei merkte dataa inneheld tabelloverskrifter. Viss dene er merkt, vert tabelloverskriftene (den første rada eller kolonnen) ignorert.
Samanlikn med: spesifiserer kva felt som skal samanliknast (og kva som skal ignorerast) for å bestemma om to rader eller kolonnar er duplikat eller ikkje.
Handling: spesifiserer om duplikatrader eller -kolonnar skal fjernast eller merkjast.