LibreOffice 26.2 Hjelp
Lagar feilmeldinga som skal visast når det vert skrive inn ugyldige data i ei celle.
Du kan også byrja ein makro med ei feilmelding. Eit eksempel på ein slik makro er vist sist på denne sida.
Viser feilmeldinga du skreiv inn i Innhald når ugyldige data vert skrive inn i ei celle. Om du ikkje har merkt av, vert meldinga vist for å hindra ei ugyldig oppføring.
I begge tilfelle gjeld det at viss du vel «Stopp», vert det ugyldige elementet sletta og den førre verdien vert sett inn på nytt i cella. Det same gjeld viss du lukker dialogvindauga «Åtvaring» og «Informasjon» ved å trykkja på Avbryt-knappen. Viss du lukker dialogvindauga med knappen OK, vert ikkje det ugyldige elementet sletta.
Vel handlinga som skal utførast når det vert lagt inn ugyldige data i ei celle.
Handlinga Stopp avviser den ugyldige oppføringa og viser eit dialogvindauge som du må lukka ved å klikka på OK.
Handlingane Åtbaring og Informasjon viser eit dialogvindauge som kan lukkast ved å klikka på OK eller Avbryt. Den ugyldige oppføringa vert avvist berre når du klikkar på Avbryt.
Handlinga Avvis stille beheld gjeldande celleverdi. Viser ikkje eit dialogvindauge.
Opnar dialogvindauget for makroar, der du kan velja ein makro som skal køyrast når ugyldige verdiar vert skrive inn i ei celle. Makroen skal køyrast etter at feilmeldinga er vist.
Skriv inn tittelen på makroen eller feilmeldinga som skal visast når ugyldige data vert skrive inn i ei celle.
Skriv inn meldinga som skal visast når ugyldige verdiar vert skrivne inn i ei celle.
Nedanfor er det eit eksempel på ein funksjon som kan kallast opp når det skjer ein feil. Merk at makroen tek inn to parameter som vert sende vidare av LibreOffice når funksjonen vert kalla opp:
Celleverdi: Den verdien brukaren skriv inn, som ein streng.
Celleadresse: Adressa til cella der verdien vart skriven inn som ein streng med arknamnet som prefiks (f.eks. «Ark1.A1»).
Funksjonen må returnera ein Boolsk verdi. Viss han returnerer Sann, vert den innskrivne verdien ikkje endra. Viss funksjonen returnerer Usann, vert den innskrivne verdien sletta og den førre verdien brukt.
Function ExampleValidity(CellValue as String, CellAddress as String) as Boolean
Dim msg as String
Dim iAnswer as Integer
Dim MB_FLAGS as Integer
msg = "Ugyldig verdi: " & "'" & Celleverdi & "'"
msg = msg & " i cella: " & "'" & Celleadresse & "'"
msg = msg & Chr(10) & "Godta likevel?"
MB_FLAGS = MB_YESNO + MB_ICONEXCLAMATION + MB_DEFBUTTON2
iAnswer = MsgBox (msg , MB_FLAGS, "Feilmelding")
ExampleValidity = (iAnswer = IDYES)
End Function