Kriterium

Oppgje reglane for gyldigheit for dei merkte cellene.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Data → Validitet → Vilkår.


Du kan for eksempel definera eit kriterium slik: "Tal mellom 1 og 10" eller "Tekstar med mindre enn 20 teikn".

Tillat

Vel eit gyldigheitsalternativ for dei valde cellene.

Desse vilkåra er tilgjengelege:

Vilkår

Effekt

Alle verdiar

Ingen avgrensingar

Heile tal

Berre heile tal som svarar til vilkåra.

Desimal

Alle tal som svarar til vilkåra.

Dato

Alle tal som svarar til vilkåret. Verdiane som vert skrivne inn vert formaterte slik neste gong dialogvindauget vert opna.

Tid

Alle tal som svarar til vilkåret. Verdiane som vert skrivne inn vert formaterte slik neste gong dialogvindauget vert opna.

Celleområde

Tillat berre verdiar som finst i eit celleområde. Celleområdet kan spesifiserast eksakt, som eit namngjeve databaseområde eller som eit namngjeve område. Området kan vera éin kolonne eller éi rad med celler. Viss du definerer eit område med fleire kolonnar eller rader, vert berre den første kolonnen brukt.

Liste

Tillat berre verdiar eller strengar frå ei liste. Tekststrengar og verdiar kan vera blanda. Tal vert evaluerte til verdiane deira, så om du skriv talet 1 i lista vil også posten 100 % vera gyldig.

Merknadsikon

Når du brukar EXcel-format, vert berre 255 teikn lagra.


Tekstlengd

Innskrivingar der lengda svarar til vilkåret

Tilpass

Tillat berre at verdiar som resulterer i at formelen som er skrive inn i feltet Formel returnerer SANN når formelen vert rekna ut med den gjevne verdien. Formelen kan vera kva uttrykk som helst som gjev tilbake ein logisk verdi SANN eller USANN eller ein talverdi der ein verdi som ikkje er null vert tolka som SANN og 0 som USANN.

Formlar kan bruka relative referansar. Viss for eksempel cellene A1:A4 er merkte og markøren er i celle A1 og ERODDETAL(A1) er lagt inn i feltet Formel, kan berre oddetal skrivast inn i cellene A1 til og med A4.


Tillat tomme celler

Saman med Verktøy → Sporing → Marker ugyldige data vil dette bestemma om tome celler skal visast som ugyldige data (deaktiverte) eller ei (aktiverte).

Vis utvalsliste

Viser ei liste over alle gyldige strengar eller verdiar som du kan velja frå. Lista kan også opnast ved å merkja cella og halda nede .

Sorter oppføringar stigande

Sorterer utvalslista i stigande rekkjefølgje og filtrerer bort kopiar. Om ho ikkje er merkt, vert rekkjefølgja frå datakjelda brukt.

Kjelde

Skriv inn celleområdet som inneheld gyldige verdiar eller tekst.

Oppføringar

Skriv inn oppføringane som kjem til å vera gyldige verdiar eller tekststrengar.

Data

Vel samanlikningsoperatoren som du vil bruka. Kva for operatorar som er tilgjengelege er avhengig av kva du valde i feltet Tillat. Viss du vel «mellom» eller «ikkje mellom» vert innskrivingsfelta Minimum og Maksimum viste. Elles vert berre eitt av innskrivingsfelta Minimum, Maksimum eller Verdi viste.

Verdi

Skriv inn verdien for innstillinga for datavaliditeringa som du valde i feltet Tillat.

Minimum

Skriv inn den minste verdien som skal brukast til å sjekka gyldigheita du valde i Tillat-boksen.

Maksimum

Skriv inn den største moglege verdien for alternativet for datavalideringa som du valde i Tillat-boksen.

Støtt oss!