Validitet

Definerer kva data som er gyldig for eit vald celleområde.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Data → Validitet.


tip

Du kan også setja inn ein listeboks frå verktøylinja «Kontrollelement» og lenkja denne til ei celle. På denne måten kan du spesifisera dei gyldige verdiane på sida Data for innstillingsvindauget for listeboksen.


Kriterium

Oppgje reglane for gyldigheit for dei merkte cellene.

Innskrivingshjelp

Skriv inn meldinga som skal visast når celleområdet er merkt på arket.

Feilmelding

Lagar feilmeldinga som skal visast når det vert skrive inn ugyldige data i ei celle.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

Støtt oss!