Innstillingar for datafelt

Du kan spesifisera fleire innstillingar for kolonnar, rader og sidedatafelt i pivottabellen.

Sorter etter

Vel datafeltet du ønskjer å sortera kolonnane eller radene frå.

Stigande

Sorterer verdiane stigande frå den lågaste til den høgaste verdien. Dersom det valde feltet er det feltet dialogvindauget vart opna for, vert elementa sorterte etter namn. Dersom eit datafelt er markert, vert elementa sorterte etter resultantverdien for det markerte datafeltet.

Fallande

Sorterer verdiane fallande frå den høgaste til den lågaste verdien. Dersom det valde feltet er det feltet dialogvindauget vart opna for, vert elementa sorterte etter namn. Dersom eit datafelt er markert, vert elementa sorterte etter resultantverdien for det markerte datafeltet.

Manuelt

Sorterer verdiane alfabetisk.

Vis innstillingar

Du kan spesifisera visingsinnstillingar for alle radfelta bortsett frå det siste, innarste radfeltet.

Oppsett

Vel utformingsmodus for feltet i listeboksen.

Tom linje etter kvart element

Legg til ei tom rad for kvart element i pivottabellen.

Vis automatisk

Viser dei øvste eller nedste nn elementa, når du sorterer etter eit bestemt felt.

Vis

Slår på automatisk vising.

element

Skriv inn det maksimale talet på element som skal visast automatisk.

Frå

Viser det første eller siste elementet i sorteringsrekkjefølgja.

Brukar felt

Vel datafeltet du ønskjer å sortera kolonnane eller radene frå.

Gøym element

Vel elementet du vil gøyma for utrekningane.

Hierarki

Vel kva hierarki du vi bruka. Pivottabellen må vera basert på ei ekstern datakjelde som inneheld datahierarki.

note

Calc har ikkje multippel-hierarki for eit enkelt felt, og dette valet er normalt nedtona. Viss du brukar ein pivottabell med datakjeldeutviding, kan utvidinga definera fleire hierarki for nokre felt og gjera valet tilgjengeleg. Sjå dokumentasjonen som følgde med utvidinga for meir informasjon om dette.


Støtt oss!