Datafelt

Innhaldet i dette vindauget er ulikt for datafelta i Data-området og datafelta i Rad- og Kolonne-områda i dialogvindauget Pivottabell.

Delsummar

Vel kva type delsummar som skal reknast ut.

Ingen

Reknar ikkje ut delsummar.

Automatisk

Reknar automatisk ut delsummar.

Brukardefinert

Kryss av her og vel i lista kva for type delsummar du vil rekna ut.

Funksjon

Vel kva for delsum du vil rekna ut. Dette valet er berre tilgjengeleg viss Sjølvvald er valt.

Vis element utan data

Ta med tomme kolonnar og rader i resultattabellen.

Namn:

Lister namnet på det markerte feltet.

Fleire

Gjer dialogvindauget større eller mindre. Meir-knappen er berre synleg for datafelt.

Innstillingar

Opnar dialogvindauget Alternativ for datafelt. Innstillingar-knappen er synleg berre for kolonnar, rader eller sidefelt.

Dersom dialogvindauget er utvida med knappen Fleire, vert dette elementet lagt til dialogvindauget:

Vist verdi

Du kan velja visingstype for kvart datafelt. For nokre typar kan du velja «meir informasjon» om eit basefelt eller eit baseelement.

Type

Vel utrekningstype av den viste verdien for datafeltet.

Type

Vist verdi

Normal

Resultata vert viste uendra

Skilnad frå

Frå kvart resultat er referanseverdien (sjå nedanfor) trekt frå, og forskjellen vert vist. Summar utanfor grunnfeltet er viste som tomme resultat.

Namngjeve element

Viss det er gjeve eit grunntabellpostnamn, er referanseverdien til ein kombinasjon av feltelement resultatet der elementet i grunnfeltet er erstatta av den gjevne grunntabellposten.

Forrige element eller neste element

Viss «førre element» eller «neste element» er oppgjeve som grunntabellposten, er referanseverdien resultatet for neste synlege medlem av grunnfeltet, med same sorteringsrekkjefølgja som i grunnfeltet.

% av

Kvart resultat vert dividert med referanseverdien sin. Referanseverdien er bestemt på same måte som ved «Forskjellig frå». Summar utanfor grunnfeltet vert viste som tomme resultat.

% avvik frå

For kvart resultat vert referanseverdien for resultatet trekt i frå og skilnaden vert dividert med referanseverdien. Referanseverdien vert bestemt på same måten som for «Avvik frå». Totalsummar utanfor grunnfeltet vert viste som tomme resultat.

Løpande total i

Kvart resultat vert lagt til summen av resultata for komande element i grunnfeltet, i sorteringsrekkjefølgja for grunnfeltet, og den samla summen vert vist.

Resultata vert alltid lagt saman, sjølv om ein annan oppsummeringsfunksjon vart brukt for å henta kvart resultat.

% av rad

Kvart resultat er dividert med det totale resultatet for den tilsvarande rada i pivottabellen. Dersom det finst fleire felt, vert summen for resultatdatafelta brukt. Dersom det finst delsummar med manuelt valde summeringsfunksjonar, vil likevel totalen av summeringsfunksjonen for datafeltet verta brukt.

% av kolonne

Same som «% av rad», men totalen for resultatkolonnen vert brukt.

% av total

Same som «% av rad», men totalsummen for datafeltet i resultatet vert brukt.

Register

Rad- og kolonnesummane og totalsummen som følgjer dei same reglane som ovanfor, vert brukte for å rekne ut dette uttrykket:

(opphavleg resultat * totalsummen) / (radsum * kolonnesum)


Grunnfelt

Vel kva felt grunnverdien for utrekningane skal hentast frå.

Grunnfelt

Vel elementet grunnverdien skal hentast frå.

Støtt oss!