LibreOffice 25.8 Hjelp
Vel utforminga for tabellen som er generert av pivottabellen.
Pivottabellen viser datafelta som knappar som du kan dra og sleppe for å definera pivottabellen.
Du vel utforming av ein pivottabell ved å dra og sleppa datafelt-knappar til områda Filter, Radfelt, Kolonnefelt og Datafelt. Du kan òg bruka dra og slepp for å omorganisera datafelta i ein pivottabell.
LibreOffice legg automatisk til etikettar på knappar som vert dregne inn i området Datafelt. Etiketten inneheld namnet på datafeltet og formelen som dataa vart laga med.
For å endra funksjonen som vert brukt av eit datafelt, dobbeltklikk på ein knapp i området Datafelt for å opna dialogvindauget Datafelt. Du kan også dobbeltklikka på knappane i områda Radfelt og Kolonnefelt.
Viser eller gøymer ekstraval for oppsett av pivottabellen.
Ignorerer tomme felt i datakjelda.
Tildeler automatisk rader utan etikettar til kategorien for rada over.
Reknar ut og viser det totale av kolonneutrekninga.
Reknar ut og viser det totale av radutrekninga.
Legg til ein filterknapp i pivottabellar som er baserte på data frå rekneark.
Opnar dialogvindauget for filter.
Merk av i denne avkryssingsboksen og dobbeltklikk på eit element i tabellen for å visa eller gøyma detaljar for elementet. Ta bort avmerkinga og dobbeltklikk på ei celle i tabellen for å redigera innhaldet.
For å undersøkja detaljar i ein pivottabell, gjer eitt av følgjande:
Merk eit celleområde og vel Data → Gruppe og Disponer → Vis detaljar.
Dobbeltklikk på eit felt i tabellen.
Dersom du dobbeltklikkar på eit felt som har tilliggjande felt på same nivå, vert dialogvindauget Vis detaljar opna.
Viser omrissknappar for å utvida og falda saman for å gjera pivottabellen med det kompakte oppsettet meir brukarvenleg.
Viser innstillingane for vising av resultata for pivottabellen.
Vel området som inneheld dataa for den gjeldande pivottabellen.
Namngjeve område: vel det namngjeve området frå nedtrekkslista.
Utval: vel området som inneheld dataa frå pivottabellen.
Marker området som du vil visa resultata frå pivottabellen i.
Nytt ark: lagar eit nytt ark i dokumentet for pivottabellen.
Namngjeve område: vel det namngjeve området frå nedtrekkslista.
Utval: merkjer den øvste venstre cella i den nye pivottabellen.
Viss det merkte området inneheld data, vil pivottabellen overskriva desse. For å hindra tap av data som finst frå før, vel Nytt ark.