LibreOffice 25.2 Hjelp
Set inn eit «detaljark» med meir informasjon om den gjeldande pivottabellen. Du kan også dobbeltklikka på ei pivottabellcelle for å setja inn arket med detaljane. Det nye arket viser ei delmengd av rader frå den opphavlege datakjelda. Desse radene viser opphavet til dataa som vert viste i den gjeldande cella.
Gøymde element vert ikkje evaluerte, men radene med dei gøymde argumenta vert rekna med. «Vis detaljar» er berre tilgjengelege for pivottabellar som er baserte på celleområde eller data frå ein database.