Autodisposisjon

Dersom det markerte celleområdet inneheld formlar eller referansar, vil LibreOffice utheva desse automatisk.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Data → Grupper og disponer → Autodisposisjon.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Autodisposisjon i fana Data i menyen Data.

Frå verktøylinjer:

Ikon Autodisposisjon

Autodisposisjon


Som eit eksempel kan du studera denne tabellen:

Januar

Februar

Mars

1. kvartal

April

Mai

Juni

2. kvartal

100

120

130

350

100

100

200

400


Kvar av cellene for 1. og 2. kvartal inneheld summen av dei tre cellene til venstre for desse. Dersom du brukar Autodisposisjon vert tabellen gruppert i to kvartal.

For å fjerne disposisjonen, marker tabellen og vel Data → Grupper og disponer → Fjern.

Støtt oss!