Grupper

Slår saman cellene i det merkte celleområdet til ei gruppe av rader eller kolonnar.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Data → Grupper og disponer → Grupper.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Data → Grupper.

Vel Grupper i fana Data i menyen Data.

Frå verktøylinjer:

Ikon Grupper

Grupper

Frå tastaturet:

F12


Når du grupperer eit celleområde vert det vist eit grupperingssymbol i margen ved sida av gruppa. Klikk på symbolet om du vil gøyma eller visa grupperinga. Du kan oppheva grupperinga ved å velja Data → Grupper og disponer → Løys opp gruppe.

Ta med

Rader

Grupper dei merkte radene.

Kolonnar

Grupper dei merkte kolonnane.

note

Gruppering og oppløysing av grupper vert ikkje spora Grupperingskommandoar er nedtona når spor endringar er slått på.


Støtt oss!