Sameina
Kombinerer data frå eitt eller fleire uavhengige celleområde og reknar ut eit nytt område ved å bruka funksjonen som du gjev.
Funksjon
Vel den funksjonen du vil bruka for å sameina dataa.
Område for samanslåing
Viser celleområde som du vil sameina.
Kjeldedataområde
Oppgjev celleområdet som du vil sameina med celleområda oppgjevne i boksen for sameiningsområde. Vel eit celleområde i eit ark og trykk Legg til. Du kan også velja eit namn frå ei førehandsdefinert celle frå lista over kjeldedataområde.
Kopier resultat til
Viser den første cella i området der sameiningsresultata vert vist.
Legg til
Legg celleområdet som er spesifisert i boksen for kjeldedataområde til i boksen for sameiningsområde.
Innstillingar
Viser fleire val.