Fleire operasjonar

Brukar den same formelen i ulike celler, men med ulike verdiar.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Data → Fleire operasjonar.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Fleire operasjonar i fana Data i menyen Sata.


Utføre fleire operasjonar

note

Feltet Rad eller Kolonne må innehalda ein referanse til den første cella i det valde området.


note

Dersom du eksporterer eit rekneark som inneheld multioperasjonar til Microsoft Excel, skal plasseringa av cellene som inneheld formelen vere fult definert i høve til dataområdet.


Standardoppsett

Formlar

Skriv inn cellereferansane for cellene som inneheld formlar som du vil bruka i fleire operasjonar.

Rad

Skriv inn cellereferansen for den cella du vil bruka som variabel for radene i datatabellen.

Kolonne

Skriv inn cellereferansen for den cella du vil bruka som variabel for kolonnane i datatabellen.

Krymp / Utvid

Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.

Ikon Krymp

Krymp

Ikon Utvid

Utvid

Støtt oss!