Innstillingar

Spesifiserer dei ulike innstillingane for utrekning og presentasjon av delsummar.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Data → Delsummar → Val.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Delsummar ‒ Val i fana Data i menyen Data.


Sideskift mellom grupper

Trykk her for å setja inn ei ny side etter kvar gruppe med delsummar.

Skil mellom store og små bokstavar

Reknar delsummar på nytt når du byter mellom store og små bokstavar i dataetiketten.

Sortér først området etter grupper

Sorterer området du har valt på fana Gruppe etter dei valde kolonnane.

Samandrag nedanfor dataa

Som standard vert samandraget vist ovanfor dataa. Når dette er merkt, vert det flytt nedanfor dataa.

Sortér

Ta med format

Kryss av her for å ta med all formateringa ved sortering.

Tilpassa sorteringsrekkjefølgje

Brukar ei sjølvvald sorteringsrekkjefølgje som du har oppgjeve under Verktøy → Innstillingar → LibreOffice Calc → Sorteringslister.

Stigande

Sorteringa byrjar med den lågaste verdien. Du kan definera sorteringskriteria i «Data → Sorter → Sorter». Du kan setja standardinnstillingane i → Språk og nasjonale innstillingar → Generelt.

Fallande

Sorteringa byrjar med den høgaste verdien. Du kan definera sorteringskriteria i «Data → Sorter → Sorter». Du kan setja standardinnstillingane i → Språk og nasjonale innstillingar → Generelt.

Støtt oss!

Støtt oss!