1., 2., 3. Gruppe

Vel oppsett for opp til tre delsum-grupper. Alle sidene har same strukturen.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Data → Delsummar → 1. gruppe, 2. gruppe eller 3. gruppe.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Delsummar ‒ 1., 2. eller 3. gruppe i fana Data i menyen Data.


Grupper etter

Vel kolonnen som skal kontrollera utrekninga av delsummar. Om innhaldet i den valde kolonnen endrar seg , vert utrekninga av delsummar automatisk rekna ut på nytt.

Rekn ut delsummane av

Vel dei merkte kolonnane i arket som inneheld verdiane du vil rekna ut.

Bruk funksjon

Vel kva matematisk funksjon du vil bruka for å rekna ut delsummane.

Støtt oss!