Delsummar

Reknar ut delsummane for dei kolonnane du har merkt.LibreOffice brukar SUM-funksjonen for å rekna ut delsummen og totalen i eit etikettområde automatisk. Du kan òg bruka andre funksjonar for å utføra utrekninga. LibreOffice kjenner automatisk att eit definert databaseområde når du plasserer skrivemerket i det.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Data → Delsummar.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Data → Delsummar

Vel Delsummar i fana Data i menyen Data.

Frå verktøylinjer:

Ikon Delsummar

Delsummar


For eksempel kan du laga ei oppsummering av salet for eit bestemt postnummer basert på data frå ein kundedatabase.

1., 2., 3. Gruppe

Vel oppsett for opp til tre delsum-grupper. Alle sidene har same strukturen.

Innstillingar

Spesifiserer dei ulike innstillingane for utrekning og presentasjon av delsummar.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

Slett

Sletter delsumradene i det valde området.

Støtt oss!