LibreOffice 25.2 Hjelp
Vel det namngjevne området, eller skriv inn celleområdet som inneheld kriteria for filteret du vil bruka.
Ein referanse til ei tom celle vert tolka som talverdien 0.
Eit samsvarande uttrykk kan vera:
Eit tal eller ein logisk verdi. Eit samsvarande celleindhald er lik med talet eller den logiske verdien.
Ein verdi som byrjar med en samanlikning (<, <=, =, >, >=, <>).
For =, viss verdien er tom samsvarar han med tomme celler.
For <>, viss verdien er tom, samsvarar han med celler som ikkje er tomme.
For <>, viss verdien ikkje er tom, samsvarar han med kva celleinnhald som helst, unnateke verdien, medrekna tomme celler.
Merk: «=0» finn ikkje tomme celle.
For = og <>, viss verdien ikkje er tom og ikkje kan tolkast som ein taltype eller ein av undertypane og eigenskapen Søkjevilkåra = og <> må gjelda for hele celler er merkt, skjer samanlikninga med heile celleinnhaldet. Viss det ikkje er merkt av for dette alternativet, skjer samanlininga mot kva underdel av feltet som helst som samsvarar med vilkåra. For = og <>, viss verdien ikkje er tom og ikkje kan tolkast som ein taltype, eller viss undertypane gjeld.
Annan tekstverdi. Viss eigenskapen Søkjekriterium = og <> må gjelda heile celler er sann, skjer samanlikninga med heile celleindhalda. Viss usann, skjer samanlikninga med kva som helst delmengde av feltet som svarar til kriteria. Uttrykket kan innehalda tekst, tal, uttrykk eller jokerteikn ( viss desse er slått på i innstillingane for utrekningar).
Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.
Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.
Krymp
Utvid
Viser fleire filterinnstillingar.
Skil mellom store og små bokstavar når data vert filtrerte.
Tek med kolonneetikettane i den første rada i eit celleområde.
Merk av i avkryssingsboksen og vel det celleområdet som du vil visa dei filtrerte resultata i. Du kan også velja eit namngjeve område frå lista.
Gjer at du kan bruka regulære uttrykk i filterdefinisjonen. For å få fram ei liste over dei regulære uttrykka som LibreOffice har støtte for, kan du klikka her.
Viss det er kryssa av i feltet Regulære uttrykk, kan du bruka regulære uttrykk i feltet «Verdi» viss nedtrekkslista «Vilkår» er sett til «=» (LIK) eller «<>» (ULIK). Dette gjeld også for respektive celler som du refererer til for eit avansert filter.
Utelet duplikatrader i lista over filtrerte data.
Marker avkryssingsfeltet Kopier resultat til og skriv inn målområdet der du vil visa dei filtrerte dataa. Viss dette felt er merkt, vil målområdet verta lenkja til kjeldeområdet. Du må ha definert kjeldeområdet under Data → Definer område som eit databaseområde. Etter at dette er gjort, kan du når som helst bruka det definerte filteret på nytt. Klikk i kjeldeområdet og vel Data → Opdater område.