Innstillingar

Viser fleire filterinnstillingar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel valet Data → Fleire filter → Standardfilter → Val.

Vel valet Data → Fleire filter → Avansert filter … → Val.


Innstillingar

Skil mellom store og små bokstavar

Skil mellom store og små bokstavar når data vert filtrerte.

Område som inneheld kolonne-/radetikettar

Tek med kolonneetikettane i den første rada i eit celleområde.

Kopier resultat til

Merk av i avkryssingsboksen og vel det celleområdet som du vil visa dei filtrerte resultata i. Du kan også velja eit namngjeve område frå lista.

Krymp / Utvid

Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.

Ikon Krymp

Krymp

Ikon Utvid

Utvid

Regulært uttrykk

Gjer at du kan bruka regulære uttrykk i filterdefinisjonen. For å få fram ei liste over dei regulære uttrykka som LibreOffice har støtte for, kan du klikka her.

Viss det er kryssa av i feltet Regulære uttrykk, kan du bruka regulære uttrykk i feltet «Verdi» viss nedtrekkslista «Vilkår» er sett til «=» (LIK) eller «<>» (ULIK). Dette gjeld også for respektive celler som du refererer til for eit avansert filter.

Ingen duplisering

Utelet duplikatrader i lista over filtrerte data.

Ta vare på filterkriteria

Marker avkryssingsfeltet Kopier resultat til og skriv inn målområdet der du vil visa dei filtrerte dataa. Viss dette felt er merkt, vil målområdet verta lenkja til kjeldeområdet. Du må ha definert kjeldeområdet under Data → Definer område som eit databaseområde. Etter at dette er gjort, kan du når som helst bruka det definerte filteret på nytt. Klikk i kjeldeområdet og vel Data → Opdater område.

Dataområde

Viser celleområdet eller namnet på det celleområdet du vil filtrere.

Val

Trykk Meir-knappen for å utvida dialogvindauget til å visa fleire alternativ. Trykk igjen for å få tilbake det opphavlege dialogvindauget.

Støtt oss!