LibreOffice 25.2 Hjelp
Filtrerer automatisk det merkte celleområdet og lagar boksar med ei liste i der du kan velja elementa du vil visa.
Viser radene i celleområdet i stigande rekkjefølgje ut frå verdien i cellene i den gjeldande kolonnen.
Viser radene i celleområdet i fallande rekkjefølgje ut frå verdien i cellene i den gjeldande kolonnen.
Viser berre radene i celleområdet der tekstfargen i cella i den gjeldande kolonnen samsvarar med fargen som er vald.
Viser berre radene i celleområdet der bakgrunnsfargen i cella i den gjeldande kolonnen samsvarar med fargen som er vald.
Viser berre dei radene i celleområdet som inneheld ei tom celle i den gjeldande kolonnen.
Viser berre dei radene i celleområdet som inneheld ei celle som ikkje er tom i den gjeldande kolonnen.
Viser dei ti radene i celleområdet som inneheld dei største verdiane i cellene i den gjeldande kolonnen. Viss desse verdiane er unike, vert ikkje meir enn 10 rader synlege, men er verdiane ikkje unike, kan det verta vist meir enn 10 rader.
Viser dei ti radene i celleområdet som inneheld dei lågaste verdiane i cellene i den gjeldande kolonnen. Viss desse verdiane er unike, vert ikkje meir enn 10 rader synlege, men er verdiane ikkje unike, kan det verta vist meir enn 10 rader.
Opnar dialogvindauget Standardfilter.
Søk etter eit bestemt element i lista over verdiar funne i den gjeldande kolonnen. Etter kvart som teikna vert skrivne inn i tekstboksen, vert lista oppdatert slik at ho berre viser samsvarande oppføringar.
Trykk éin gong for å visa alle radene, og trykk igjen for å gøyma radene.
Viser berre rader som inneheld den verdien som er utheva i feltet Verdi.
Gøym alle radene som inneheld den verdien som er utheva i feltet Verdi, vis alle andre rader.
Liste over unike verdiar som finst i den gjeldande kolonnen.