Innstillingar

Set fleire sorteringsval.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Data → Sorter → Innstillingar.


Skil mellom store og små bokstavar

Sorterer først etter store bokstavar og deretter etter små bokstavar. Asiatiske språk krev spesielle metodar.

Merknadsikon

Merknad for asiatiske språk: Kryss av for Skilnad på små og storebokstavar for å ta i bruk fleirnivåtoleranse. Med fleirnivåtoleranse vert elementa først samanlikna i deira primitive former der store bokstavar og aksentar vert ignorerte. Dersom dei vert vurderte til å vera like, vert kriteria rekna med ved den andre samanlikninga. Dersom dei framleis vert rekna som like, vert ulikskapar i storleik, teiknbreidde og japansk kana samanlikna i den tredje samanlikninga.


Område som inneheld kolonne-/radetikettar

Held den første rekkja eller den første kolonnen i markeringa ute frå sorteringa. Innstillinga Retning nedst i dialogvindauget definerer namnet og funksjonen for dette avkryssingsfeltet.

Inkluder format

Bevarer celleformateringa.

Aktiver naturleg sortering

Naturleg sortering er ein sorteringsmekanisme der tal som har bokstavar framføre seg vert sorterte etter talverdien i staden for som vanleg frå venstre mot høgre. Dersom vi for eksempel har verdiserien A1, A2, A3, A4, A5, A6, ..., A19, A20, A21 vil desse verdiane ved alfanumerisk sortering verta omstokka til A1, A11, A12, A13, ..., A19, A2, A20, A21, A3, A4, A5, ..., A9. Denne sorteringa er teknisk korrekt, men for dei fleste vil det vere feil. Med naturleg sortering vert verdiar som dei i eksempelet sorterte korrekt. Dette er generelt ei forbetring av sorteringssystemet.

Kopier sorteringsresultata til:

Kopierer den sorterte lista til det celleområdet du har spesifisert.

Sortér resultata

Vel eit namngjeve celleområde som den sorterte lista skal visast i, eller skriv inn eit celleområde i innskrivingsboksen.

Sortér resultata

Skriv inn celleområdet som den sorterte lista skal visast i, eller vel eit namngjeve område frå lista.

Tilpassa sorteringsrekkjefølgje

Kryss av her for å velja ei tilpassa sorteringsrekkjefølgje.

Tilpassa sorteringsrekkjefølgje

Vel den sjølvvalde sorteringsrekkjefølgja du vil bruka. For å definera rekkjefølgja, vel LibreOffice Calc → Sorteringslister .

Språk

Språk

Vel språk for sorteringsreglane.

Innstillingar

Vel ei sorteringsinnstilling for språket. Dersom det er lagt inn ulike sorteringsreglar for det valde språket, kan du her velja mellom desse. For eksempel kan du velja «Telefonbok» for tysk for å ta omsyn til diakritiske teikn (ä, ü osv.) ved sorteringa.

Retning

Ovanfrå og ned (sortér radene)

Sortér radene etter verdiane i dei aktive kolonnane i det merkte området.

Frå venstre til høgre (sortér kolonnane)

Sortér alle kolonnane etter verdiane i dei aktive radene i det merkte området.

Dataområde

Viser det celleområdet som du vil sortere.

Støtt oss!