LibreOffice 26.2 Hjelp
Spesifiser sorteringskriteria og sorteringsretninga for det valde området.
Vel kolonnen eller rada du vil bruka som primær, sekundær eller tertiær sorteringsnøkkel. Sortering etter rader eller kolonnar er avhengig av retninga som er gjeve i sorteringsalternativa nedanfor.
I LibreOffice Calc vert det først vist tre sorteringskriteria i dialogvindauget for sortering. Når den siste tilgjengelege sorteringsnøkkelen vert brukt, vert vindauget utvida for å gje høve til eit ekstra sorteringskriterium.
Sorterer utvalet frå høgaste til lågaste verdi, eller frå lågaste til høgaste verdi. Talfelt vert sorterte etter storleik og tekstfelt etter teiknrekkjefølgja. Du kan definera sorteringsreglane på . Du definerer standardinnstillinga på
Kryss av for å ikkje ta med overskriftsrada i sorteringsområdet.
Sorterer radene etter verdiane i dei gjeldande kolonnane i det valde området.
Sorterer kolonnane etter verdiane i dei gjeldande radene i det valde området.