Definer område

Definerer eit databaseområde ut i frå dei valde cellene i arket.

note

Du kan berre velja eit rektangulært celleområde.


For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Data → Definer område.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel DataDefiner område.

Vel Definer område i fana Data i menyen Data.

Frå verktøylinjer:

Ikon Definer område

Definer område


Namn

Skriv inn eitt namn på databaseområdet, eller vel eit namn frå lista.

Område

Viser det valde celleområdet.

Krymp / Utvid

Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.

Ikon Krymp

Krymp

Ikon Utvid

Utvid

Legg til / Endra

Trykk her for å leggja databaseområdet du nettopp definerte til i lista, eller for å endra eit område som finst frå før.

Slett

Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.

Innstillingar

Inneheld kolonne-etikettar

Det valde området inneheld etikettar.

Inneheld resultatrad

Databaseområdet har ei rad for totalar.

Set inn eller slett celler

Set automatisk inn nye rader og kolonnar i databaseområdet i dokumentet når nye postar vert lagt inn i databasen. Vel Data → Oppdater område for å oppdatera databaseområdet manuelt.

Behald formateringa

Brukar det gjeldande celleformatet for kolonne- og radoverskrifter og den første rada med data på heile databaseområdet.

Ikkje lagra importerte data

Lagrar berre ein referanse til databasen og ikkje innhaldet i cellene.

Kjelde:

Viser informasjon om gjeldande databasekjelde og eventuelle operatørar.

Operasjonar:

Bestemmer kva operasjonar (viss nokre) som vart brukt på databaseområdet. For eksempel «Sorter», «Filter» eller «Subtotalar».

Støtt oss!