LibreOffice 25.2 Hjelp
Delar vindauget ved det øvre venstre hjørne av den merkte cella.
Du kan også bruka musa til å dela opp vindauget vassrett eller loddrett. For å gjera det, drar du den tykke, svarte linja som du finn like over det loddrette rullefeltet eller like til høgre for det vassrette rullefeltet, inn i vindauget. Ein tykk, svart strek vil markera kor vindauget vert delt.
Eit delt vindauge har sine eigne rullefelt i kvar delseksjon. Faste vindaugeseksjonar kan ikkje rullast.