LibreOffice 24.8 Hjelp
Slår på eller av funksjonen «autoinntasting». Autoinntasting fullfører automatisk ord basert på andre ord i same kolonne. Funksjonen leitar gjennom kolonnen opp til 2000 celler eller 200 ulike strengar.
Tekstforslaget er utheva.
Du godkjenner eit forslag ved å trykkja på Enter eller museknappen.
Dersom du vil leggja til tekst eller redigera forslaget, trykkjer du på F2.
For å vise fleire forslag trykkjer du CmdCtrl + Tabulator for å rulla framover eller CmdCtrl + Shift + Tabulator for å rulla bakover.
Trykk OptionAlt + Pil ned for å sjå alle tilgjengelege autoinnskrivingar for den gjeldande kolonnen.
Når du skriv inn formlar med teikn som er brukte tidlegare, vil det kome opp eit hjelptips med dei siste ti funksjonane frå alle definerte områdenamn og frå innhaldet i alle etikettområda brukte i funksjonsvegvisaren .
Autoskrivinga skil mellom store og små bokstavar. Har du for eksempel skrive «Total» i ei celle kan du ikkje skrive «total» i ei anna celle i same kolonnen utan å først slå av autoskrivinga.