Rekna ut på nytt

Reknar ut formelcellene på nytt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Data → Rekn ut → Rekna ut på nytt.

Trykk F9


Vis automatisk utrekning er kopla frå, vil kommandoen rekna ut på nytt rekna ut alle såkalla skitne formelceller som er avhengige av endra celleinnhald og deira underordna celler og celler med flyktige funksjonar som TILFELDIG() og NO() og formelceller som er avhengige av desse.

Viss automatisk utrekning er slått på, vil kommandoen rekna ut berre formelceller som inneheld flyktige funksjonar som TILFELDIG() og NO() og formelceller som er avhengige av desse.

I begge tilstandane vil trykk på F9 rekna alle merkte formelceller på nytt og alle formelcellene som er avhengige av desse. Dette kan vera nyttig etter innlesing av nye dokument der rekn ut på nytt er slått av men med einskilde celler som treng reknast ut på nytt.

Trykk F9 for å rekna ut på nytt. Trykk Shift + + F9 for å rekna ut alle formlane i dokumentet på nytt, også tilleggsfunksjonar og ikkje-flyktige funksjonar.

Når dokumentet er rekna ut på nytt, vert skjermen og eventuelle diagram oppdaterte.

Støtt oss!