Vern reknearkstruktur

Vernar arkstrukturen i dokumentet mot endringar. Det er umogleg å setja inn, sletta, endra namn på, flytta eller kopiera ark.

Skriv eventuelt inn eit passord og trykk OK.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Vern reknearkstrukturen.


Du kan berre endra strukturen av verna reknearkdokument viss innstillinga Verna er slått av. I lokalmenyane til arkfanene nedst på sida er det berre Vel alle ark som er tilgjengeleg. Alle dei andre menypunkta er slått av. For å fjerna vernet, må du gå inn på kommandoen Verktøy → Vern reknearktstrukturen igjen. Viss dokumentet ikkje er passordverna, vert vernet fjerna straks. Viss dokumentet er passordverna, vil dialogvindauget Fjern vern av rekneark kome opp slik at du kan skriva inn passordet. Først nå kan du fjerna markeringa som viser at dokumentet er verna.

Eit verna dokument som er lagra, kan berre lagrast igjen ved hjelp av menykommandoen Fil → Lagra som.

Passord (valfritt)

Du kan bruka eit passord for å verne dokumenta dine mot å verta brukte av andre.

note

Du kan verna dokumenta dine fullstendig ved å kombinera valet Verktøy → Vern ark og Verktøy → Vern reknearkstrukturen med passord. Ønskjer du å hindra at dokumentet vert opna av andre, kryssar du av i ruta Lagra med passord i lagringsvindauget. Når du trykkjer Lagra kjem dialogvindauget Set passord opp. Ver nøye ved val av passord. Viss du gløymer det, får du ikkje tilgang til dokumentet seinare.


Støtt oss!