LibreOffice 7.5 Hjelp
Verna cellene i det gjeldande arket mot å verta endra.
Vel Verktøy → Vern ark for å opna dialogvindauget Vern ark der du deretter spesifiserer arkvernet med eller utan passord, og merkjer elementa i arket som skal vernast.
For å verna celler frå vidare redigering, må avkryssingsfeltet i Format → Celler → Cellevern eller fana i lokalmenyen Formater celler vera avkryssa.
Merk dette avkryssingsfeltet for å slå på vern av arket og celleinnhaldet.
Let deg skriva inn eit passord for å verna arket mot uautoriserte endringar. Stadfest passordet som vart skrive i det første feltet.
Vel elementa som skal vernast mot brukarhandlingar:
Marker verna celler: marker dette avkryssingsfeltet slik at du kan merkje verna celler. Er dette feltet ikkje avkryssa, kan du ikkje merkja verna celler og markøren kan ikkje gå inn i eit verna område.
Marker celler som ikkje er verna: marker dette avkryssingsfeltet slik at du kan merkja celler som ikkje er verna. Er dette feltet ikkje avkryssa, kan brukaren ikkje merkja celler som ikkje er verna og markøren kan ikkje gå inn i celler eller område som ikkje er verna.
Set inn kolonnar: Tillat innsetjing av kolonnar sjølv når arket er verna. Legg merkje til at når innsetjing av kolonnar er slått på, kan du setja inn kolonnar sjølv om området dei skal setjast inn i inneheld verna celler som vert flytte ved innsetjinga. Celler i dei nyleg innsette kolonnane arvar verne-eigenskapen for området dei høyrer til: når den nye cella er innføre eit verna område, er cella verna, og når ho er i eit område som ikkje er verna, er også cella utan vern.
Set inn rader: Tillat innsetjing av rader sjølv når arket er verna. Legg merkje til at når innsetjing av rader er slått på, kan du setja inn rader sjølv om området dei skal setjast inn i inneheld verna celler som vert flytte ved innsetjinga. Celler i dei nyleg innsette radene arvar verne-eigenskapen for området dei høyrer til: når den nye cella er innføre eit verna område, er cella verna, og når ho er i eit område som ikkje er verna, er også cella utan vern.
Slett kolonnar: Tillet sletting av kolonnar. Merk at sletting av kolonnar berre kan gjerast på celler som ikkje er verna.
Slett rader: Tillet sletting av rader. Merk at sletting av rader berre kan gjerast på celler som ikkje er verna.
Celler eller celleområde som ikkje er verna, kan setjast inn i eit verna ark med menyane Verktøy → Vern ark og Format → Celler → Cellevern:
Marker dei cellene som ikkje skal ha vern
Vel Format → Celler → Cellevern. Fjern markeringa i feltet Verna og klikk OK.
Slå på vern for ark på menyen Verktøy → Vern ark. Vernet vert aktivert straks. Berre celler du valde i steg 1 kan redigerast.
Slik kan du seinare endra eit område som ikkje er verna til eit verna område:
Merk dei cellene som skal vernast.
Merk av for Vern i fana .
Vel menyen
. Området som tidlegare kunne redigerast er no verna.Arkvernet verkar også inn på lokalmenyen nedst på arket, dersom denne er sett. Kommandoane Slett og Gje nytt namn er uverksame.
Dersom eit ark er verna, kan du ikkje endra eller slette cellestilar.
Det er ikkje råd å gjera endringar i eit verna ark eller celleområde før vernet er kopla frå igjen, med unnatak av innstillingane for kolonnar og rader i dialogvindauget Fjern vern dukka opp slik at du kan skriva inn passordet.
. For å slå av vernet, vel kommandoen . Dersom det ikkje er brukt passord for funksjonen, vert vernet fråkopla når du klikkar i menyen. Dersom det er brukt passord, vil dialogvindaugetNår eit verna ark er lagra, kan det berre lagrast på nytt ved å bruka kommandoen Filer → Lagra som.
Du kan verna heile arbeidet ditt ved å kombinera dei to vala i menyen Verktøy → Vern ark og Verktøy → Vern reknearkstrukturen og i tillegg bruka passord. Dette gjer du ved å merkja av for Lagra med passord i dialogvindauget Lagra før du klikkar knappen Lagra.