Scenario

Vel eit scenario for det merkte arkområdet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Scenario.


Bruka scenario

Namn på scenarioet

Gjev scenarioet eit namn. Bruk eit eintydig, enkelt og unikt namn slik at det er lett kjenna att scenarioet. Du kan òg endra namnet på scenarioet i dokumentstrukturvindauget ved hjelp av menykommandoen Eigenskapar.

Merknad

Legg til informasjon om scenarioet. Denne informasjonen vert vist i strukturvindauget viss du trykkjer på knappen for Scenario og vel det scenarioet du vil ha informasjon om. Du kan òg endra denne informasjonen i dokumentstrukturen gjennom kommandoen Eigenskapar frå sprettoppmenyen.

Innstillingar

Dette avsnittet vert brukt for å setja nokre av innstillingane som vert brukte for å visa scenarioet.

Vis kantlinje

Framhevar scenarioet i tabellen med ei ramme. Du kan velja fargen på ramma i kombinasjonsboksen til høgre for dette valet. Ramma har ei tittellinje som viser namnet til det siste scenarioet.Dersom det er oppgjeve fleire scenario i dette området, gjev knappen til høgre for kanten eit oversyn over alle scenarioa i området.Du kan velja kva scenario som helst frå lista.

Kopier tilbake

Kopierer verdiane til celler du kan endra inn i dette scenarioet. Om du ikkje vel dette, vert ikkje scenarioet endra når du endrar celleverdiar. Korleis Kopi tilbake oppfører seg, er avhengig av cellevern, arkvern og innstillingane for å hindra endringar.

Kopier heile arket

Kopierer heile reknearket til eit ekstra scenario-rekneark.

Hindra endringar

Hindrar endringar i dette scenarioet. Korleis Kopi tilbake-funksjonen oppfører seg er avhengig av innstillingane sette for cellevern, arkvern og for Hindra endringar.

Støtt oss!