Orddeling

KommandoenOrddeling viser eit dialogvindauge for å velja innstillingar for orddelinga i LibreOffice Calc.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Språk → Orddeling.


Du kan slå på den automatiske orddelinga i LibreOffice Calc berre når funksjonen radskift er aktiv.

Orddeling for valde celler.

  1. Merk dei cellene der du ønskjer å endra orddelinga.

  2. Vel Verktøy → Språk → Orddeling.

  3. Dialogvindauget Formater celler vert opna med fana Justering aktiv.

  4. Kryss av for Bryt teksten automatisk og for Orddeling på.

Orddeling i teikneobjekt

  1. Vel eit teikneobjekt.

  2. Vel Verktøy → Språk → Orddeling.

  3. Kvar gong du brukar kommandoen vert orddelinga for teikneobjektet slått av eller på. Gjeldande status vert vist med ei avkryssing.

Støtt oss!