LibreOffice 25.2 Hjelp
Handsam alle vilkårsformateringar sette i reknearket.
Bruk dialogvindauget Handsam vilkårsformatering for å leggja til, redigera eller sletta ei eller fleire vikårsformateringar.
Lista Vilkårsformatering viser dei aktive vilkårsformateringane brukte i det gjeldande reknearket. Berre dei første vilkåra for kvart celleområde vert viste sjølv om det er definert fleire vilkår for eit område.
Viss du har definert ei vilkårsformatering for eit celleområde og deretter prøver å definera ei ny vilkårsformatering for ein del av dette området, kjem det opp ei åtvaring der du må velja om du vil redigera den gjeldande formateringa for heile området, eller du vil definera ei ny vilkårsformatering som overlappar det markerte området.