LibreOffice 25.2 Hjelp
Tek i bruk vilkårsformatering på samlinga av celler definert i det merkte området. Formateringa vert teken i bruk for innhaldet av heile området.
Brukar ein fargeskala med ein tofarga eller trefarga fargeovergang på dette området avhengig av verdien i kvar celle.
Utrekninga av fargeskalaen er avhengig av 2 eller 3 vilkår som er definerte slik:
Min (Maks): reknar ut ved å bruka minimumsverdien (maksimumsverdien) i området.
Verdi: ein fast verdi. Skriv inn verdien i tekstboksen.
Persentil: Ein persentil er kva av dei 99 verdiane som delar dei sorterte dataa i 100 like delar, slik at kvar del representerer 1\/100 av utvalspopulasjonen. Ein persentil returnerer verdien for ein dataserie som går frå den minste til den største verdien i eit sett med data. For P = 25 betyr persentilen den første kvartilen. P = 50 er også MEDIAN til datasettet. Skriv inn persentilverdien i tekstboksen. Gyldige verdiar er frå 0 til 100.
Prosent: ein fast verdi som representerer prosentandelen av minimum (maksimum) av lengda definert av minimumsverdien og maksimumsverdien i området. Eit minimum på 10 % vel verdiane mindre enn 10 % av segmentet (min, maks). Eit maksimum på 80 % vel ut verdiar over 80 % av segmentet (min, maks). Gyldige verdiar er frå 0 (null) til 100. Ikkje skriv inn prosentteiknet (%).
Formel; Eit formeluttrykk som byrjar med likskapsteiknet (=) som reknar ut ein numerisk verdi. Verdiane kan vera tal, datoar og klokkeslett. Skriv inn formelen i tekstboksen.
Valet i datalinja vil fylla cella einsfarga eller med ein fargeovergang i høve til talverdien i cella.
Utrekninga av fyll for linjeområdet er avhengig av vilkåra nedanfor:
Automatisk: reknar ut ved å bruka høgste og lågaste verdi i området.
Min (Maks): reknar ut ved å bruka minimumsverdien (maksimumsverdien) i området.
Dialogvindauget for datalinja vert opna slik at du kan setja inn detaljar for visinga av datalinja.
Same som vilkåra ovanfor.
Vel farge for positive og negative verdiar.
Fargeovergang: set ein fargeskala mellom fargen for positive (negative) verdiar og kvit.
Farge: Bruk den positive (negative) fargen for heile linja utan fargeovergang.
Set plasseringa for den loddrette aksen i datalinja. Verdiane er
Automatisk: plasser den loddrette aksen i midten av maksimums- og minimums-verdiane.
Midten: Set den loddrette aksen i midten av kolonnen.
Ingen: Ikkje vis den loddrette aksen.
Set minste (største) lengda på datalinja som prosent av kolonnebreidda.
Ikkje vis verdiar i cella, berre datalinjene.
Legg til eit ikon i cella basert på verdien i høve til dei gjevne tersklane. Fleire ikonsett er tilgjengelege.
3, 4 eller 5 piler
3, 4 eller 5 grå piler
3 flagg
3 - trafikklys 1 og 2 (to ulike utformingar)
3 smilefjes 1 og 2
3 - symbol
4 - sirklar frå raudt til svart
4 eller 5 rangeringar
5 - kvarte
5 - boksar
Vilkåra for å setja grensene for kvart ikon kan setjast opp slik