Vilkår – Celleverdien er

Brukar ein cellestil på cella eller celleområdet som vert styrt av vilkåret som er gjeve i nedtrekkslista . Formateringa vert brukt på kvar celle enkeltvis, og vilkåret kan vera avhengig av andre celleverdiar i det merkte området.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Format → Vilkårsformatering → Vilkår.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Heim → Betinga → Vilkår.

Frå verktøylinjer:

Ikon Vilkårsformatering – vilkår

Vilkårsformatering


Vilkår for tekst og tal

Vilkår

Beskriving

er lik

Celleverdien er lik med den definerte verdien i tekstboksen til høgre. Skriv teksten mellom doble hermeteikn viss du vil samanlika tekst.

er ikkje lik

Celleverdien er ikkje lik med den definerte verdien i tekstboksen til høgre. Skriv teksten mellom doble hermeteikn viss du vil samanlika tekst.

byrjar med

Celleinnhaldet byrjar med teksten eller talet som er definert i tekstboksen til høgre.

sluttar med

Celleinnhaldet sluttar med teksten eller talet som er definert i tekstboksen til høgre.

inneheld

Celleinnhaldet inneheld teksten eller talet som er definert i tekstboksen til høgre.

inneheld ikkje

Cella inneheld ikkje teksten eller talet som er definert i tekstboksen til høgre.


note

Vilkåret gjeld for intern tekstkonvertering av celleinnhaldet. Talverdiar vert samanlikna med tilsvarande tekstrepresentasjon. Numeriske celleformat (valuta, vitskapleg, brukardefinert …) vert ikkje vurdert for samanlikningar.


Vilkår berre på tal

Vilkår

Beskriving

er mindre enn

Celleverdien er ørlite grann mindre enn den brukardefinerte verdien i tekstboksen til høgre.

er større enn

Celleverdien er ørlite grann større enn den brukardefinerte verdien i tekstboksen til høgre.

mindre enn eller lik

Celleverdien er mindre enn eller lik den brukardefinerte verdien i tekstboksen til høgre.

større enn eller lik

Celleverdien er større enn eller lik den brukardefinerte verdien i tekstboksen til høgre.

er mellom

Celleverdien er mellom dei to verdiane definerte i tekstboksen til høgre – øvre og nedre verdi – medrekna grenseverdiane.

er ikkje mellom

Celleverdien er ikkje mellom dei to verdiane definerte i tekstboksen til høgre – øvre og nedre verdi – medrekna grenseverdiane.

er kopi

Cella og minst éi celle i området har likt innhald.

er ikkje kopi

Celleinnhaldet er unikt i området.

er i dei N øvste elementa

Celleverdien er mellom maksimumsverdien i området og det N-te større elementet av det same. Skriv inn verdien av N i tekstboksen til høgre.

er i dei N nedste elementa

Celleverdien er mellom minimumsverdien i området og det N-te mindre elementet av det same. Skriv inn verdien av N i tekstboksen til høgre.

er i dei N øvste prosentane

Indeksen for celleområdet er i dei øvre N prosent av talet på celler i området. For eksempel, i eit område med 20 celler og N er sett til 20, vert stilen brukt på dei 4 siste cellene i området. Skriv inn verdien av N i tekstboksen til høgre.

er i dei N nedste prosentane

Indeksen for celleområdet er i dei nedre N prosent av talet på celler i området. For eksempel, i eit område med 20 celler og N er sett til 20, vert stilen brukt på dei 4 første cellene i området. Skriv inn verdien av N i tekstboksen til høgre.

er over gjennomsnittet

Celleverdien er større enn gjennomsnittet for verdiane i celleområdet.

Sjå notat nedanfor.

er under gjennomsnittet

Celleverdien er mindre enn gjennomsnittet for verdiane i celleområdet.

Sjå notat nedanfor.

er over eller lik gjennomsnittet

Celleverdien er større enn eller lik gjennomsnittet for verdiane i celleområdet.

Sjå notat nedanfor.

er under eller lik gjennomsnittet

Celleverdien er mindre enn eller lik gjennomsnittet for verdiane i celleområdet.

Sjå notat nedanfor.


note

Denne funksjonen ignorerer all tekst og tomme celle innføre eit dataområde. Har du mistanke om feil resultat frå denne funksjonen, ser du etter tekst i dataområda. For å utheva tekstinnhald i dataområdet, brukar du funksjonen verdimerking.


Vilkår ved feil i celler.

Vilkår

Beskriving

er feil

Cella inneheld feil definerte i tekstboksen til høgre. Sjå Liste over feil i Calc.

er ikkje feil

Cella inneheld ikkje feil definerte i tekstboksen til høgre. Sjå Liste over feil i Calc.


tip

Ei celle som refererer til ei celle med feil, er ikkje definert å innehalda feil.


Støtt oss!