LibreOffice 25.2 Hjelp
Bruk Vilkårsformatering for å definera områdebaserte vilkår som bestemmer kva cellestil som skal brukast på kvar celle i eit gjeve område basert på innhaldet.
Cellestilen som samsvarar med det første vilkåret som vert evaluert til sann vert brukt. Cellestilar brukte via vilkårsformatering overstyrar cellestilar som vert sette manuelt via lenkja formateringslinja eller sidefeltlenkja stilar kan brukast.
Du kan skriva inn fleire vilkår som spør etter celleverdiane eller resultata av formlar. Vilkåra vert vurderte frå første til siste. Viss vilkår 1 er sann ut frå gjeldande celleinnhald, vert den tilsvarande cellemalen brukt. Elles vert vilkår 2 brukt for å avgjera om den tilsvarande stilen skal brukast. Viss ingen av vilkåra samsvarar med celleinnhaldet, vert det ikkje gjort endringar i celleformatet.
Vilkårsformatering overskriv ikkje cellestilar og direkte formatering som vert sett inn manuelt. Dei vert verande lagra som celleeigenskapar og vert brukte når cella ikkje samsvarar med nokre av vilkåra, eller når du fjernar alle vilkårsformateringar.
For å kunna bruka vilkårsformatering, må autorekning vera slått på. Dette gjer du via Data → Rekn ut → Autorekning. (Du ser avmerkinga til venstre for kommandoen når autorekning er slått på).
Definerer området som skal omfattast av vilkårsformateringa. Klikk på knappen Forminsk for å forminska dialogvindauget. Klikk på knappen igjen for å opna dialogvindauget når området er vald.
Liste over vilkår definert for celleområdet. i den rekkjefølgja dei skal evaluerast. Du kan definera så mange vilkår som du ønskjer.
Auk prioriteringa for det valde vilkåret.
Mink prioriteringa for det valde vilkåret.
Legg vilkåret til i vilkårslista.
Slettar vilkåret frå vilkårslista.
Vel i nedtrekkslista kva som skal styra vilkårsformateringa:
Merk cellestilen som skal brukast når vilkåret er oppfylt. Vel Ny stil for å opna dialogvindauget Cellestil og definer stileigenskapane.