Autoformatering

Bruk denne for å autoformatera det valde området eller å oppgje dine eigne autoformateringar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Autoformater stilar

Verktøylinja trykkjer du på

Symbol for autoformatering av stilar

Autoformatering


Format

Vel eit førehandsdefinert autoformat som du vil leggja til i eit merkt område i reknearket.

Førehandsvis felt

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Legg til

Viss du har merkt av eit område på minst 4 × 4 celler, kan du leggja til formateringa i lista over førehandsdefinerte autoformat. Då kjem dialogvindauget Autoformat fram.

Skriv eit namn og trykk OK.

Slett

Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.

Endra namn

Opnar eit dialogvindauge der du kan endra namnet på det valde autoformatet.

Dialogvindauget Endra namn på autoformat kjem fram. Skriv det nye namnet her.

Formatering

I denne seksjonen kan du markera eller avmarkera dei tilgjengelege formateringsalternativa. Dersom du ønskjer å behalda nokre av dei gjeldande innstillingane i reknearket, fjernar du markeringane for dei tilsvarande innstillingane.

Talformat

Når denne er merkt, vil du halda på talformatet til det valde formatet.

Kantlinjer

Når denne er merkt, vil du halda på kantlinjene til det valde formatet.

Skrift

Når denne er merkt, vil du halda på skrifttypen til det valde formatet.

Mønster

Når denne er merkt, vil du halda på mønsteret i det valde formatet.

Justering

Når denne er merkt, vil du halda på justeringa i det valde formatet.

Tilpass breidd og høgd automatisk

Når denne er merkt, vil du halda på breidda og høgda til dei valde cellene til det valde formatet.

Støtt oss!