Slår saman innhaldet av dei valde tabellcellene til éi enkelt celle.
For å bruka denne funksjonen …
Vel Format → Slå saman celler → Slå saman og sentrer celler
Dei samanslåtte cellene får namnet til den første cella i det opphavlege celleområdet. Samanslåtte celler kan ikkje verta slått saman på ny med andre celler. Området må vera eit samanhengande rektangel. Det er ikkje råd å slå saman fleire åtskilde område.
Dersom cellene som skal slåast saman har innhald, vil det dukke opp ei åtvaring.
Tre val er tilgjengelege:
Flytt innhaldet i den gøymde cella inn i den første cella: Innhaldet i den gøymde cella vert kopla saman med den første cella. Gøymde celler vert tømt. Formelresultat som refererer til den gøymde cella eller den første cella vert oppdaterte.
Behald innhaldet i gøymde celler: Innhaldet i dei gøymde cellene vert ikkje endra. Formelresultat som byggjer på dei gøymde cellene vert ikkje endra.
Tøm innhaldet i dei gøymde cellene: Innhaldet i dei gøymde cellene vert sletta. Formelresultat som byggjer på dei gøymde cellene vert endra.
Å slå saman celler kan føre til utrekningsfeil i formlar i tabellen.