LibreOffice 25.2 Hjelp
Opnar eit dialogvindauge der du kan spesifisera utskriftsområde. Du kan òg skriva inn radene og kolonnane som skal gjentakast på kvar side.
Definera utskriftsområde for eit ark
Let deg endra eit definert utskriftsområde.
Vel -ingen- for å fjerna eit utskriftsområde frå det gjeldande reknearket. Vel -heile arket- for å merkja heile arket som utskriftsområde. Vel -utval- for å definera det markerte området som utskriftsområde. Ved å velja -brukardefinert- kan du definera eit område du tidlegare har definert ved hjelp av Format → Utskriftsområde → Rediger. Viss du har gjeve det definerte området eit namn med Set inn → Namn → Skriv inn, vert dette namnet vist i lista og kan veljast derifrå.
I tekstfeltet til høgre kan du skriva inn utskriftsområdet anten som referansar eller som namn. Dersom markøren er i tekstboksen Utskriftsområde, kan du også velja utskriftsområdet direkte frå reknearket med datamusa.
Vel ei eller fleire rader som skal skrivast på alle sidene. I det høgre tekstfeltet skriv du inn radreferansen, for eksempel, «1», «$1» eller «$2:$3». Nedtrekkslista viser -brukardefinert-. Du kan også velja -ingen- for å fjerna at ei rad er definert til å verta teke opp att fleire gonger.
Dersom markøren er i tekstfeltet Rader som skal gjentakast i dialogvindauget, kan du også definera rader som skal verta gjentekne ved å dra med musa i reknearket.
Vel ein eller fleire kolonnar som skal skrivast ut på kvar side. Skriv inn kolonnereferansen, for eksempel «A» eller «AB» eller «$C:$E», i det høge tekstfeltet. Listeboksen vil då visa - brukardefinert -. Du kan også velja - ingen - for å fjerna definisjonen av ein repeterande kolonne.
Dersom tekstfeltet Kolonnar som skal repeterast i dialogvindauget er markerte, kan du også definera repeterande kolonnar ved å dra musemarkøren i reknearket.