Ark

Oppgjev kva for element som skal takast med i utskrifta av alle ark med denne sidestilen. Du kan òg avgjera utskriftsrekkjefølgja, det første arknummeret og storleiken på sidene.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Sidestil → Ark.


Skriv ut

Her bestemmer du kva element i reknearket som skal skrivast ut.

Kolonne- og radoverskrifter

Vel om du vil skriva ut kolonne- og radoverskriftene.

Rutenett

Skriv ut kantane for kvar celle som rutenett. Du kan velja rutenettet som vert vist på skjermen under → LibreOffice CalcVisRutenett.

Merknadar

Skriv ut merknadane som er definerte i reknearket. Dei vert skrivne ut på ei ekstra side saman med dei samsvarande cellereferansane.

Objekt/bilete

Vel om alle bilete og objekt som er sette inn skal skrivast ut (om dei kan skrivast ut).

Diagram

Vel om diagramma i reknearket skal skrivast ut.

Teikneobjekt

Skriv ut alle teikneobjekt.

Formlar

Kryss av her om du vil skriva ut formlane i cellene i staden for resultata.

Nullverdiar

Bestemmer at celler med nullverdi skal skrivast ut.

Siderekkjefølgje

Bestemmer kva rekkjefølgje dataa i eit rekneark skal verta nummererte og skrivne ut når dataa ikkje får plass på éi papirside.

Ovanfrå og ned, deretter mot høgre

Vel om du vil skriva ut loddrett frå kolonnen lengst til venstre til botnen av arket.

Frå venstre til høgre, deretter nedover

Vel om du vil skriva ut vassrett frå øvste rada til kolonnen lengst til høgre.

Første sidetal

Vel denne innstillinga om du vil at den første sida skal byrja sidenummereringa på nytt.

Skriv inn talet som byrja nummereringa frå.

Skalering

Definerer sideskaleringa for reknearkutskrifta.

Skaleringsmodus

Vel ein skaleringsmodus frå lista. TIlgjengelege alternativ vert viste under lista.

Forminsk/forstørr utskrifta

Gjev ein skaleringsfaktor for alle utskrivne sidene.

Skaleringsfaktor

Skriv inn ein skaleringsfaktor. Faktorar mindre enn 100 reduserer storleiken, faktorar større enn 100 aukar storleiken.

Krymp utskriftsområde(t) til breidd/høgd

Bestemmer øvre grense for kor mange sider vassrett (breidd) og loddrett (høgd) som som kvart ark med den gjeldande sidestilen skal skrivast ut på.

Breidd i sider

Skriv inn høgste talet på sider som skal skrivast ut liggjande.

Høgd i sider

Oppgje høgste tal på sider som skal skrivast ut ståande.

Krymp utskriftsområde(t) til tal på sider

Bestemmer det høgaste talet på sider med den gjeldande sidestilen som kan skrivast ut. Om nødvendig vert sidene skalerte for å få plass til dei.

Talet på sider

Skriv inn det høgste talet på sider som skal skrivast ut.

Støtt oss!