Vis

Viser kolonnar eller rader som er gøymde.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Rad → Vis.

Vel Format → Kolonnar → Vis.


For å visa ein kolonne eller ei rad markerer du området med kolonnar eller rader som inneheld gøymde element. Deretter vel du Format → Rad → Vis eller Format → Kolonne → Vis.

For å visa for eksempel kolonne B, trykk på toppen av kolonne A og utvid utvalet til kolonne C. Vel deretter Format → Kolonne → Vis. For å visa den gøymde kolonnen A, trykk på toppen av kolonne B, hald nede museknappen og dra mot venstre. Det markerte området vist i namneområdet endrar seg frå B1:B1048576 til A1:B1048576. Vel Format → Kolonne → Vis. Gjer det same med rader.

Trykk på feltet oppe i høgre hjørne for å visa alle gøymde celler. Dette vil markera alle cellene i tabellen.

Støtt oss!