LibreOffice 7.4 Hjelp
Gøymer merkte rader, kolonnar eller individuelle ark.
Marker radene eller kolonnane du vil gøyma og vel deretter Format → Rad → Gøym eller Format → Kolonne → Gøym.
Du kan gøyma eit ark ved å merkja arkfana og deretter velja Format → Ark → Gøym. Gøymde ark vert ikkje skrivne ut unntatt dersom dei er med i eit utskriftsområde.
Viss der er løynde rad- eller kolonneoverskrifter, vert dette vist som avbrot i rad- eller kolonneoverskrfitene.
Å visa gøymde rader, kolonnar eller ark
Marker det området som inneheld dei gøymde objekta eller bruk ruta i hjørnet ovanfor rad 1 ved sida av kolone A. Dette steget er ikkje nødvendig for ark.
Vel Format → Rad/Kolonne → Vis eller Format → Ark → Vis.