Formater celler

Let deg velja mellom mange ulike formateringsval eller til å velja celleeigenskapar.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Format → Celler.

Frå sprettoppmenyen:

Vel Formater celler.

Frå tastaturet:

Trykk + 1.


Vel kva format og skrift du vil bruka.

Justering

Bestemmer justeringsvala for innhaldet i den gjeldande cella eller dei gjeldande cellene.

Asiatisk typografi

Set dei typografiske innstillingane for celler eller avsnitt i filer med asiatiske språk. For å slå på støtta for asiatiske språk, må du velja Språk og nasjonale innstillingar → Generelt i dialogvindauget Innstillingar og deretter kryssa av for Slå på i Støtte for asiatiske språk. Dei asiatiske typografiinnstillingane vert ignorerte i HTML-dokument.

Kantlinjer

Vel innstillingar for kantlinjene til valde objekt i Writer eller Calc.

Område (bakgrunn, utheving)

Vel fyllstil for det merkte teikneobjektet eller dokumentelementet.

Cellevern

Vel kva slags vern dei merkja cellene skal få.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

Støtt oss!