Eksterne lenkjer

Set inn ei lenkje til data frå ei HTML-, Calc-, CSV- eller Excel-fil. Dataa må vera innanfor eit namngjeve område.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Ark → Lenkje til eksterne data.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Data → Eksterne lenkjer.

Frå verktøylinjer:

Ikon Eksterne lenkjer

Eksterne lenkjer


URL til ekstern datakjelde

Skriv inn adressa eller namnet på fila som inneheld dataa du vil setja inn og trykk Enter. Du kan også trykkje på knappen Sjå gjennom og velja filnamnet frå dialogvindauget som kjem opp. Då vert adressa kravd frå nettverket eller filsystemet.

note

Når du lenkjer til ei ekstern CSV-fil, kjem det opp eit dialogvindauge for CSV dataimport.


Tilgjengelege tabellar/område

Merk tabellen eller dataområdet som du vil setja inn. Dersom Calc- eller Exel-dokumentet ikkje inneheld eit namngjeve område, kan reknearksdataa ikkje setjast inn og OK-knappen vert inaktiv.

Oppdater kvar(t)

Skriv inn kor mange sekund det skal gå før eksterne data vert oppdaterte i det gjeldande dokumentet.

Støtt oss!