Funksjonsliste

Opnar ei rute i sidepanelet med ei liste som viser alle funksjonane som kan setjast inn i dokumentet.Funksjonsliste-vindauget liknar på fana Funksjonar i Funksjonsvegvisaren Funksjonane vert sette inn med plasshaldarar som du må byta ut med verdiar.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Vis → Funksjonsliste.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Set inn → Funksjonsliste.

Frå verktøylinjer:

Ikon Funksjonar

Funksjonar

Frå sidepanelet:

Vel SFunksjonar.


Vindauget Funksjonsliste kan festast andre stadar og du kan også endra storleiken på det. Bruk dette for å raskt kunne skriva inn funksjonar i reknearket. Når du dobbeltklikkar på ein funksjon, vert denne sett inn i reknearket med alle parametera.

Kategoriliste

Viser alle dei kategoriane som dei ulike funksjonane er tildelte. Vel ein kategori for å visa dei tilsvarande funksjonane i listefeltet nedanfor. Vel «Alle» for å sjå alle funksjonane i alfabetisk rekkjefølgje uavhengig av kategori. «Sist brukt» viser dei funksjonane du brukte sist.

Funksjonsliste

Viser dei tilgjengelege funksjonane. Når du vel ein funksjon, viser området nedanfor lista ei kort skildring av funksjonen. Dobbeltklikk på den valde funksjonen eller trykk på knappen Set inn ein funksjon i reknearket for å setja han inn i reknearket.

Set inn ein funksjon i reknearket

Ikon set inn funksjon

Set den valde funksjonen inn i dokumentet

Støtt oss!