Definer merkelappområde
Opnar eit dialogvindauge der du kan definera eit etikettområde.
Celleinnhaldet i eit etikettområde kan brukast som namn i formlar. LibreOffice vil kjenna igjen desse namna på same måte som ved førehandsdefinerte namn for vekedagar og månadar. Desse namna vert automatisk utfylt når dei vert skrivne inn i ein formel. I tillegg vil namna som er definerte i etikettområdet ha høgare prioritet enn namn definerte i automatisk genererte område.
Du kan definera etikettområde som inneheld dei same etikettane på ulike ark. LibreOffice vil søkje først etter etikettområde på det gjeldande arket og deretter i områda på andre ark dersom søket feila.
Område
Viser cellereferansen for kvart etikettområde. Vel eit etikettområde frå lista og trykk Slett. for å fjerna det
Krymp / Utvid
Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.
Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.
Inneheld kolonneetikettar
Tek med kolonneetikettar i dette etikettområdet.
Inneheld radetikettar
Tek med radetikettar i det gjeldande etikettområde.
For dataområde
Set dataområdet der det valde etikettområdet er gyldig. For å endra på det kan du trykkja i arket og merkja eit anna område.
Krymp / Utvid
Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.
Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.
Legg til
Legg det gjeldande etikettområdet til lista.
Slett
Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.