Lag namn

Let deg automatisk gje namn til fleire celleområde.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Ark → Namngjevne område og uttrykk → Skriv inn.


Marker området som inneheld alle dei områda du vil gje namn. Vel deretter Ark → Namngjevne område og uttrykk → Lag. Dette vil opna dialogvindauget Lag namn der du kan velja mellom fleire namnealternativ.

Lag namn frå

Definerer kva del av reknearket som skal brukast for å laga namnet.

Øvste rada

Lagar områdenamna ut frå overskriftsrada i det valde området. Kvar kolonne får eit eige namn og ein cellereferanse.

Venstre kolonne

Lagar områdenamna ut frå oppføringane i den første kolonnen i det valde reknearkområdet. Kvar rad får eit eige namn og ein cellereferanse.

Nedste rada

Lagar områdenamna ut frå oppføringane i den siste rada i det valde reknearkområdet. Kvar kolonne får eit eige namn og ein cellereferanse.

Høgre kolonne

Lagar områdenamna ut frå oppføringane i den siste kolonnen i det valde reknearkområdet. Kvar rad får eit eige namn og ein cellereferanse.

Støtt oss!