Operatorar i LibreOffice Calc

Du kan bruka desse operatorane i LibreOffice Calc:

Matematiske operatorar

Desse operatorane returnerer numeriske resultat.

Operator

Namn

Eksempel

+ (Pluss)

Addisjon

1+1

- (Minus)

Subtraksjon

2-1

- (Minus)

Negasjon

-5

* (stjerne)

Multiplikasjon

2*2

/ (skråstrek)

Divisjon

9/3

% (Prosent)

Prosent

15%

^ (sirkumfleks)

Eksponent

3^2


note

Prefikset «-» (negasjon) har ein høgare prioritet enn «^» (eksponentiering). -3^2 er for eksempel lik 9, som er kvadratet av eit negativt tal.


Samanlikningsoperatorar

Desse operatorane returnerer anten SANN eller USANN.

Operator

Namn

Eksempel

= (likskapsteikn)

Lik

A1=B1

> (Større enn)

Større enn

A1>B1

< (Mindre enn)

Mindre enn

A1<B1

>= (Større enn eller lik)

Større enn eller lik

A1>=B1

<= (Mindre enn eller lik)

Mindre enn eller lik

A1<=B1

<> (Ulikskap)

Ulikskap

A1<>B1


Tekstoperatorar

Operatoren koplar separate tekstar saman til ein tekst.

Operator

Namn

Eksempel

& (Og)

tekstsamantrekking OG

«Søn» & «dag» er «Søndag»


Referanseoperatorar

Desse operatorane returnerer eit celleområde med ingen, ei eller fleire celler.

Område har høgast prioritet, deretter snitt og til slutt union.

Operator

Namn

Eksempel

: (kolon)

Område

A1:C108, A:D eller 3:13

! (ropeteikn)

Snitt

SUMMER(A1:B6!B5:C12)

Reknar ut summen av cellene i snittet mellom dei to områda. I dette eksempelet summen av cellene B5 og B6.

~ (tilde)

Lenking eller union

Tek to referansar og returnerer ei referanseliste der den andre referansen er lagt til etter den første referansen. Doble oppføringar vert referert til to gongar.

=TAL.PÅ(A1:B2~B2:C3) tel verdiane for A1:B2 og B2:C3. Merk at cella B2 vert tald to gongar.

=INDEKS(A1:B2~C1:D2;2;1;2) vel celle C2, det vil seia den første cella i den andre rada, første kolonnen, i det andre området (C1:D2) ) av områdelista.


note

Det er ikkje lov å bruka ei referanseliste inne i eit matriseuttrykk.


Støtt oss!