Statistiske funksjonar del tre

KONFIDENS.NORMAL (CONFIDENCE.NORM pÄ engelsk)

Returnerer (1-alpha) konfidensintervallet for ei normalfordeling.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Syntaks

KONFIDENS.NORMAL(Alfa; StdAv; Storleik)

Alfa er nivÄet for konfidensintervallet.

StdAv er standardavviket for den totale populasjonen.

Storleik er storleiken av den totale populasjonen.

Eksempel

=KONFIDENS.NORMAL(0,05;1,5;100) returnerer 0,2939945977.

KONFIDENS.T (CONFIDENCE.T pÄ engelsk)

Returnerer konfidensintervallet (1-alpha) til ei populasjonsfordeling.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Syntaks

KONFIDENS(Alfa; StdAv; Storleik)

Alfa er nivÄet for konfidensintervallet.

StdAv er standardavviket for den totale populasjonen.

Storleik er storleiken av den totale populasjonen.

Eksempel

=KONFIDENS.T(0,05;1,5;100) returnerer 0,2976325427.

LOGNORMFORD (LOGNORMDIST pÄ engelsk)

Gjev verdiane av loggnormalfordelinga.

Syntaks

LOGNORMFORD(Tal[; Medel[; StdAv[; Kumulativ]]])

Tal er sannsynsverdien som skal brukast til Ă„ rekna ut den logaritmiske standardfordelinga.

Medel (valfri) er medelverdien av den standardlogaritmiske fordelinga.

StdAv (valfri) er standardavviket for den logaritmiske standardfordelninga.

Kumulativ (valfri) = 0 reknar ut tettleiksfunksjonen. Kumulativ = 1 reknar ut fordelinga.

Eksempel

=LOGNORMFORD(0,1;0;1) returnerer 0,01.

LOGNORM.INV (LOGNORM.INV pÄ engelsk)

Returner inversverdien til loggnormalfordelinga.

Denne funksjonen er identisk med LOGINV og er lagt til for Ă„ vere i samsvar med andre kontorprogram.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.3.


Syntaks

LOGNORM.INV(Tal; Middelverdi; StdAv)

Tal (nÞdvendig) er den sannsynsverdien som den inverse standard logaritmefordelinga skal reknast ut frÄ.

Middel (nĂždvendig) er den aritmetiske middelverdien av den standard logaritmiske fordelinga.

StdAv (nĂždvendig) er standardavviket for den logaritmiske standardfordelninga.

Eksempel

=LOGNORM.INV(0,05;0;1) returnerer 0,1930408167.

KONFIDENS (CONFIDENCE pÄ engelsk)

Returnerer (1-alpha) konfidensintervallet for ei normalfordeling.

Syntaks

KONFIDENS(alfa; StdAv; Storleik)

Alfa er nivÄet for konfidensintervallet.

StdAv er standardavviket for den totale populasjonen.

Storleik er storleiken av den totale populasjonen.

Eksempel

=KONFIDENS(0,05;1,5;100) returnerer 0,29.

N.MINST (SMALL pÄ engelsk)

Returnerer den k-te minste verdien i ei datamengd.

note

Denne funksjonen hĂžyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)


Syntaks

N.MINST(Data; K)

Data er celleomrÄdet med data.

K rangeringa av verdien. Viss K er ein tabell, vert funksjonen ein tabellfunksjon.

Eksempel

=N.MINST(A1:C50;2) finn den nest minste verdien i A1:C50.

NĂ„r =N.MINST(A1:C50;B1:B5) vert skrive inn som ein tabellfunksjon, vert det gjeve ein tabell med den c minste verdien i A1:C50 med rangeringa definert i B1:B5.

N.STØRST (LARGE pÄ engelsk)

Returnerer den k-te stĂžrste verdien i ei datamengd.

note

Denne funksjonen hĂžyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)


Syntaks

N.STØRST(Data; K)

Data er celleomrÄdet med data.

K rangeringa av verdien. Viss K er ein tabell, vert funksjonen ein tabellfunksjon.

Eksempel

=N.STØRST(A1:C50;2) gjev den nest stÞrste verdien i A1:C50.

Er =N.STØRST(A1:C50;B1:B5) skrive inn som ein tabellfunksjon, gjev ein tabell med den c-te stÞrste verdien i A1:C50 med rangeringa definert i B1:B5.

GRENSE.BINOM

Returnerer den minste verdien der den kumulative binomialfordelinga er stĂžrre enn eller lik ein kriterieverdi.

Syntaks

GRENSE.BINOM(ForsĂžk, Sannsyn; Alfa)

ForsÞk er det samla talet pÄ forsÞk.

Sannsyn er kor sannsynleg det er at eitt forsĂžk skal lukkast.

Alfa er det grensesannsynet som skal nÄast eller overskridast.

Eksempel

=GRENSE.BINOM(100;0.5;0.1) gjev 44.

LOGINV (LOGINV pÄ engelsk)

Returnerer inversverdien til loggnormalfordelinga.

Syntaks

LOGINV(Tal[; Middel[; StdAvv]])

Tal er den sannsynsverdien som den inverse standard logaritmefordelinga skal reknast ut frÄ.

Middel er den aritmetiske middelverdien av den standard logaritmiske fordelinga.

StdAv er standardavviket for den standardlogaritmiske fordelinga.

Eksempel

=LOGINV(0,05;0;1) returnerer 0,1930408167.

KORRELASJON (CORREL pÄ engelsk)

Returnerer korrelasjonskoeffesienten mellom to datamengder.

Syntaks

KORRELASJON(Data1; Data2)

Data1 er det fÞrste dataomrÄdet.

Data2 er det andre datasettet.

Eksempel

=KORRELASJON(A1:A50;B1:B50) reknar ut korrelajonskoeffisienten som eit mÄl for den lineÊre korrelasjonen av dei to datasetta.

KOVARIANS.S (COVARIANCE.S pÄ engelsk)

Returnerer kovariansen til produktet av paravvik for ein prĂžve av populasjonen.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Syntaks

KOVARIANS.S(Data1; Data2)

Data1 er det fÞrste dataomrÄdet.

Data2 er det andre datasettet.

Eksempel

=KOVARIANS.S(A1:A30;B1:B30)

KOVARIANS.P (COVARIANCE.P pÄ engelsk)

Returnerer kovariansen til produktet av paravvik for heile populasjonen.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Syntaks

KOVARIANS.P(Data1; Data2)

Data1 er det fÞrste dataomrÄdet.

Data2 er det andre datasettet.

Eksempel

=KOVARIANS.P(A1:A30;B1:B30)

KOVARIANS (COVAR pÄ engelsk)

Returnerer kovariansen til produktet av paravvik.

Syntaks

KOVARIANS(Data1; Data2)

Data1 er det fÞrste dataomrÄdet.

Data2 er det andre datasettet.

Eksempel

=KOVARIANS(A1:A30;B1:B30)

KURVATUR (KURT pÄ engelsk)

Returnerer kurtosen (kurvaturen) av ei datamengd (krev minst 4 verdiar).

Syntaks

KURVATUR(tal 1[; tal 2[; 
 ;tal 254]]])

tal 1; tal 2; 
 ;tal 255 er tal, referanse til celler eller celleomrÄde som inneheld tal.

Parameterane mÄ innehalde minst fire verdiar.

Eksempel

=KURVATUR(A1;A2;A3;A4;A5;A6)

LOGNORM.FORD (LOGNORM.DIST pÄ engelsk)

Returnerer verdien av ei lognormalfordeling.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.3.


Syntaks

LOGNORM.FORD(Tal; Middel; StdAv; Kumulativ)

Tal (nĂždvendig) er sannsynsverdien som skal brukast til Ă„ rekna ut den logaritmiske standardfordelinga.

Middel (nĂždvendig) er middelverdien av den standardlogaritmiske fordelinga.

StdAv (nĂždvendig) er standardavviket for den logaritmiske standardfordelninga.

Kumulativ (nĂždvendig) = 0 reknar ut tettleiksfunksjonen. Kumulativ = 1 reknar ut fordelinga.

Eksempel

=LOGNORM.FORD(0,1;0;1;1) returnerer 0,0106510993.

StĂžtt oss!