Statistiske funksjonar del to
Z.TEST
Reknar ut sannsynet for å observera ein z-statistikk større enn den datamaskinen laga, basert på ei prøve.
Z.TEST(Data; mu [; Sigma])
Data er den aktuelle prøven henta frå ein normalfordelt populasjon.
mu er den kjende medelverdien for populasjonen.
Sigma(valfri) er det kjende standardavviket for populasjonen. Viss du ikkje oppgjev nokon verdi, vert standardavviket til det valde eksempelet brukt.
=Z.TEST(A2:A20; 9; 2) returnerer resultatet av ein z-test på prøven A2:A20 teke frå ein populasjon med kjent middelverdi 9 og kjent standardavvik på 2.
FFORDELING (FDIST på engelsk)
Reknar ut verdiane i ei F-fordeling.
FFORDELING(Tal; FriGrad1; FriGrad2)
Tal er verdien som F-fordelinga vert rekna ut for.
Fridomsgrader1 er fridomsgradene i teljaren i F-fordelinga.
Fridomsgrader2 er fridomsgradene i nemnaren i F-fordelinga.
=FFORDELING(0,8; 8; 12) gjev 0,61.
F.FORDELING (F.DIST på engelsk)
Reknar ut verdiane i ei venstredels F-fordeling.
F.FORDELING(Tal; FriGrad1; FriGrad2[;Kumulativ])
Tal er verdien som F-fordelinga vert rekna ut for.
FriGrad1 er graden av fridom i teljaren til F-fordelinga.
FriGrad2 er graden av fridom i nemnaren til F-fordelinga.
Kumulativ = 0 eller USANN reknar ut tettleiksfunksjonen Kumulativ= 1 eller SANN reknar ut fordelinga.
=F.FORDELING(0,8; 8; 12) gjev 0,7095282499.
=F.FORDELING(0,8; 8; 12;1) gjev 0,3856603563.
F.FORDELING.H (F.DIST.RT på engelsk)
Reknar ut verdiane på høgresida i ei F-fordeling.
F.FORDELING.H(Tal; FriGrad1; FriGrad2)
Tal er verdien som F-fordelinga vert rekna ut for.
FriGrad1 er fridomsgradene i teljaren i F-fordelinga.
FriGrad2 er fridomsgradene i nemnaren i F-fordelinga.
=F.FORDELING.H(0,8; 8; 12) gjev 0,6143396437.
FISHER
Returnerer Fisher-transformasjonen for x og lagar ein funksjon som ligg nært opptil normalfordelinga.
FISHER(Tal)
Tal er verdien som skal omformast.
=FISHER(0,5) returnerer 0,55.
GJENNOMSNITT.GEOMETRISK
Returnerer den geometriske middelverdien til eit utval.
GJENNOMSNITT.GEOMETRISK(tal 1[; tal 2[; … ;tal 254]]])
=GJENNOMSNITT.GEOMETRISK(23; 46; 69) = 41,79. Den geometriske middelverdien for denne tilfeldige prøven er 41,79.
HYPGEOM.FORDELING (HYPGEOMDIST på engelsk)
Returnerer den hypergeometriske fordelinga.
HYPGEOMFORDELING(X; NPrøve; Suksessar; NPopulasjon[; Kumulativ])
X er talet på resultat oppnådd i den tilfeldige prøven.
Prøvestorleiken er storleiken av stikkprøven.
Populasjon er talet på moglege resultat i den totale populasjonen.
Populasjonsstorleiken er storleiken på den totale populasjonen.
Komulativ (valfri) bestemmer om det skal reknast ut den sannsynlege tettleiksfunksjonen (USANN eller 0) eller den kumulative funksjonen (einkvar annan verdi). Den kumulative funksjonen er standard.
=HYPGEOM.FORDELING(2;2;90;100) gjev 0.81. Dersom 90 av 100 brødskiver fell ned frå bordet og treff golvet med smørsida ned, vil 2 brødskiver som fell ned frå bordet ha 81 % sjanse for at begge vil hamna med smørsida ned.
HYPGEOM.FORDELING (HYPGEOM.DIST på engelsk)
Returnerer den hypergeometriske fordelinga.
HYPGEOM.FORDELING(X; Utval; Moglege; Populasjon; Kumulativ)
X er talet på resultat oppnådd i den tilfeldige prøven.
Utval er storleiken av stikkprøven.
Moglege er talet på moglege resultat i den totale populasjonen.
Populasjon er storleiken på den totale populasjonen.
Kumulativ: Dersom denne er 0 eller USANN vert sannsynstettleiken rekna ut. Er han sett til andre verdiar eller SANN, vert den kumulative fordelinga rekna ut.
=HYPGEOM.FORDELING(2;2;90;100;0) gjev 0,8090909091. Dersom 90 av 100 brødskiver fell ned frå bordet og treff golvet med smørsida ned, vil 2 brødskiver som dett ned frå bordet ha 81 % sjanse for at begge vil hamna med smørsida ned.
=HYPGEOM.FORDELING(2;2;90;100;1) gjev 1.
GAMMAINV
Returnerer den inverse av den kumulerte Gamma-fordelinga GAMMAFORDELING. Denne funksjonen gjev deg høve til å søkja etter variablar med ulike fordelingar.
GAMMAINV(Tal; Alfa; Beta)
Tal er sannsynsverdien som den inverse gammafordelinga skal reknast ut frå.
Alfa er parameteren alfa for gammafordelinga.
Beta er parameteren beta for gammafordelinga.
=GAMMAINV(0,8; 1; 1) gjev 1,61.
GAMMALN
Returnerer den naturlege logaritmen til gammafunksjonen: G(x).
GAMMALN(Tal)
Tal er verdien som den naturlege logaritmen av gammafunksjonen skal reknast ut frå.
=GAMMALN(2) gjev 0.
GAMMALN.PRESIS (GAMMALN.PRECISE på engelsk)
Returnerer den naturlege logaritmen til gammafunksjonen: G(x).
GAMMALN.PRESIS(Tal)
Tal er verdien som den naturlege logaritmen av gammafunksjonen skal reknast ut frå.
=GAMMALN.PRESIS(2) gjev 0.
ZTEST
Returnerer den tohala P-verdien av ein z-test med standardfordeling.
ZTEST(Data; mu[; Sigma])
Data er den aktuelle prøven henta frå ein normalfordelt populasjon.
mu er den kjende medelverdien for populasjonen.
Sigma er det kjende standardavviket for populasjonen. Viss du ikkje oppgjev nokon verdi, vert standardavviket til den valde prøven brukt.
Sjå også Wiki page.
GJENNOMSNITT.HARMONISK (HARMEAN på engelsk)
Returnerer det harmoniske gjennomsnittet av ei datamengd.
GJENNOMSNITT.HARMONISK(tal 1[; tal 2[; … ;tal 254]]])
=GJENNOMSNITT.HARMONISK(23; 46; 69) = 37,64. Det harmoniske gjennomsnittet for denne tilfeldige prøven er altså 37,64
TRIMMA.GJENNOMSNITT (TRIMMEAN på engelsk)
Returnerer gjennomsnittet av eit utval utan å ta med marginalverdiane.
TRIMMA.GJENNOMSNITT(Data; Alfa)
Data er datatabellen i utvalet.
Alfa er prosentdelen av dei marginale data som ikkje skal reknast med.
=TRIMMA.GJENNOMSNITT(A1:A50; 0.1)reknar ut gjennomsnittsverdien av tala i området A1:A50 utan å ta omsyn til dei 5 prosent lågaste og dei 5 prosent høgaste verdiane. Prosenttalet refererer til den utrimma verdien, ikkje til talet på addendar.
FISHERINV
Returnerer inversen av Fisher-transformasjonen for x og lagar ein funksjon som ligg nært opptil normalfordelinga.
FISHERINV(Tal)
Tal er verdien som skal omformast motsett.
=FISHERINV(0,5) gjev 0,46.
GAMMA.INV (GAMMA.INV på engelsk)
Returnerer inversen av den kumulerte Gamma-fordelinga GAMMA.FORDELING. Denne funksjonen gjev deg høve til å søkja etter variablar med ulike fordelingar.
Denne funksjonen er identisk med GAMMAINV og vart laga for å få samsvar med andre kontorprogram.
GAMMA.INV(Tal; Alfa; Beta)
Tal er sannsynsverdien som den inverse gammafordelinga skal reknast ut frå.
Alfa er parameteren alfa for gammafordelinga.
Beta er parameteren beta for gammafordelinga.
=GAMMA.INV(0,8; 1; 1) gjev 1,61.
F.INVERS.H (F.INV.RT på engelsk)
Returnerer inversverdien av høgresida til F-fordelinga.
F.INVERS.H(Tal; FriGrad1; FriGrad2)
Tal er sannsynsverdien som den inverse (omvendte) F-fordelinga vert rekna ut for.
FriGrad1 er talet på fridomsgrader i teljaren på F-fordelinga.
Fridomsgrader2 er talet på fridomsgrader i nemnaren for F-fordelinga.
=F.INVERS.H(0,5;5;10) vert 0,9319331609.
FFORDELING.INVERS (FINV på engelsk)
Returnerer inversverdien til F-sannsynsfordelinga. F-fordelinga vert brukt til F-testar for å setja relasjonen mellom to ulike datasett.
FFORDELING.INVERS(Tal; FriGrad1; FriGrad2)
Tal er sannsynsverdien som den inverse (omvendte) F fordelinga vert rekna ut for.
FriGrad1 er talet på fridomsgrader i teljaren på F-fordelinga.
Fridomsgrader2 er talet på fridomsgrader i nemnaren for F-fordelinga.
=FFORDELING.INVERS(0,5; 5; 10) returnerer 0,93.
F.INVERS (F.INV på engelsk)
Returnerer inversverdien til F-sannsynsfordelinga. F-fordelinga vert brukt til F-testar for å velja relasjonen mellom to ulike datasett.
F.INVERS(Tal; FriGrad1; FriGrad2)
Tal er sannsynsverdien som den inverse (omvendte) F fordelinga vert rekna ut for.
FriGrad1 er talet på fridomsgrader i teljaren på F-fordelinga.
FriGrad2 er talet på fridomsgrader i nemnaren for F-fordelinga.
=F.INVERS(0,5; 5; 10) returnerer 0,9319331609.
FTEST
Returnerer resultatet av ein F-test.
FTEST(Data1; Data2)
Data1 er den første dataposttabellen.
Data2 er den andre dataposttabellen.
=FTEST(A1:A30;B1:B12) reknar ut om dei to datasetta er ulike i varians og returnerer kor sannsynleg det er at begge setta kan ha kome frå den same totalpopulasjonen.
F.TEST (F.TEST på engelsk)
Returnerer resultatet av ein F-test.
F.TEST(Data1; Data2)
Data1 er den første dataposttabellen.
Data2 er den andre dataposttabellen.
=FTEST(A1:A30;B1:B12) reknar ut om dei to datasetta er ulike i varians og returnerer kor sannsynleg det er at begge setta kan ha kome frå den same totalpopulasjonen.
GAUSS
Returnerer standard kumulativ normalfordeling.
Det er GAUSS(x)=NORMALFORDELING(x)-0,5
GAUSS(Tal)
Tal er den verdien standardnormalfordelinga skal reknast ut frå.
=GAUSS(0,19) = 0,08
=GAUSS(0,0375) = 0,01
GAMMAFORDELING
Returnerer verdiane til ei gammafordeling.
Den inverse funksjonen er GAMMAINV.
GAMMAFORDELING(Tal; Alfa; Beta[; Kumulativ])
Tal er verdien som gammafordelinga skal reknast ut frå.
Alfa er parameteren alfa for gammafordelinga.
Beta er parameteren beta for gammafordelinga.
Kumulativ (valfri) = 0 eller Usann reknar ut tettleiksfunksjonen Kumulativ= 1 eller Sann reknar ut fordelinga.
=GAMMAFORDELING(2;1;1;1) gjev 0,86.
GAMMAFORDELING (GAMMA.DIST på engelsk)
Returnerer verdiane til ei gammafordeling.
Den inverse funksjonen er GAMMAINV eller GAMMA.INV.
Denne funksjonen er identisk til GAMMAFORDELING og er lagt til for å vere meir lik andre kontorprogram.
GAMMA.FORDELING(Tal; Alfa; Beta; K)
Tal er verdien som gammafordelinga skal reknast ut frå.
Alfa er parameteren alfa for gammafordelinga.
Beta er parameteren beta for gammafordelinga.
Kumulativ (valfri) = 0 eller Usann reknar ut tettleiksfunksjonen Kumulativ= 1 eller Sann reknar ut fordelinga.
=GAMMA.FORDELING(2;1;1;1) gjev 0,86.
GAMMA
Returnerer verdien av gammafunksjonen. Merk at GAMMAINV ikkje er inversen av GAMMA, men av GAMMAFORDELING.
GAMMA(Tal)
Tal er talet som Gamma funksjonsverdien skal reknast av.