Statistikkfunksjonar del ein

TEL.VISS.SETT-funksjonen

Returnerer kor mange celler som oppfyller kriteria i fleire område.

B

Returnerer sannsynet for ein stikkprøve med binomialfordeling.

Syntaks

B(Forsøk; Sannsyn; Nedre_grense[; Øvre_grense])

Forsøk er talet på uavhengige forsøk.

Sannsyn er kor sannsynleg det er at eitt forsøk skal lukkast.

Nedre_grense er den nedre grensa for talet på forsøk.

Øvre_grense (valfri) er den øvre grensa for talet på forsøk.

Eksempel

Kva er sannsynet for å få to seksarar etter ti kast med terningane? Sannsynet for å få ein seksar, eller eitt av dei andre tala, er 1/6. Denne formelen kombinerer desse faktorane.

=B(10; 1/6; 2) returnerer at sannsynet er på 29 %.

BETA.INV

Returnerer inversverdien til den kumulative betafunksjonen for sannsynleg tettleik.

Syntaks

INVERS.BETAFORDELING(Tal; Alfa; Beta [; Start[; Slutt]])

Tal er sannsynet knytt til Beta-fordelinga for dei gjevne argumentaAlfa og Beta.

Alfa er eit strengt positivt parameter til Beta-fordelinga.

Beta er eit strengt positivt parameter til Beta-fordelinga.

Start (valfri) er den nedre grensa for funksjonen. Viss denne manglar, er standardverdien 0.

Slutt (valfri) er den øvre grensa for funksjonen. Viss denne manglar, er standardverdien 1.

I funksjonane i LibreOffice Calc kan ein utelata parametrar som er merkte som valfrie viss det ikkje kjem ein påfølgjande parameter. For eksempel kan du utelata parameter 4 eller parameter 3 og 4 i ein funksjon med fire parametrar, der dei siste to parametrane er merkte som valfrie, men du kan ikkje utelata berre parameter 3.

Eksempel

=BETA.INV(0,5; 5; 10) returnerer verdien 0,3257511553.

BETA.INV Wiki page

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.BETA.INV

BETAFORDELING (BETA.DIST på engelsk)

Returnerer beta-funksjonen.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Syntaks

BETA.FORDELING(Tal; Alfa; Beta [; Start [; Slutt [; Kumulativ]]])

Tal (nødvendig) er verdien mellom Start og Slutt som skal brukast for evalueringa.

Alfa (nødvendig) er ein parameter for fordelinga.

Beta (nødvendig) er ein parameter for fordelinga.

Kumulativ (nødvendig) kan vere 0 eller USANN for å rekna ut den sannsynlege tettleiksfunksjonen. Det kan ha kva annan verdi som helst eller SANN for å rekna ut den kumulative fordelinga.

Start (valfri) er den nedre grenseverdien for Tal.

Slutt (valfri) er den øvre grenseverdien for Tal.

I funksjonane i LibreOffice Calc kan ein utelata parametrar som er merkte som valfrie viss det ikkje kjem ein påfølgjande parameter. For eksempel kan du utelata parameter 4 eller parameter 3 og 4 i ein funksjon med fire parametrar, der dei siste to parametrane er merkte som valfrie, men du kan ikkje utelata berre parameter 3.

Eksempel

=BETAFORDELING(2;8;10;1;1;3) returnerer verdien 0,6854706

=BETAFORDELING(2;8;10;0;1;3) returnerer verdien 1,4837646

Teknisk informasjon

Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.BETA.DIST

BETAFORDELING (BETADIST på engelsk)

Returnerer betafunksjonen.

Syntaks

BETAFORDELING(Tal; Alfa; Beta [; Start [; Slutt [; Kumulativ]]])

Tal er verdien mellom Start og Slutt som funksjonen skal reknast ut for.

Alfa er parameteren alfa for gammafordelinga.

Beta er parameteren beta for gammafordelinga.

Start (valfri) er den nedre grenseverdien for Tal.

Slutt (valfri) er den øvre grenseverdien for Tal.

Kumulativ (valfri) kan vera 0 eller Usann for å rekna ut den sannsynlege fordelingsfunksjonen. For alle andre verdiar, Sann eller manglande verdi, vil den kumulerte fordelingsfunksjonen verta rekna ut.

I funksjonane i LibreOffice Calc kan ein utelata parametrar som er merkte som valfrie viss det ikkje kjem ein påfølgjande parameter. For eksempel kan du utelata parameter 4 eller parameter 3 og 4 i ein funksjon med fire parametrar, der dei siste to parametrane er merkte som valfrie, men du kan ikkje utelata berre parameter 3.

Eksempel

=BETAFORDELING(0,75; 3; 4) returnerer verdien 0,96.

BINOM.FORDELING (BINOM.DIST på engelsk)

Returnerer sannsynet for binomialfordelinga til enkeltperioden.

Syntaks

BINOM.FORDELING(X; Forsøk; Sannsyn; Kumulativ)

X er talet på vellukka forsøk i ein forsøksserie.

Forsøk er talet på uavhengige forsøk.

Sannsyn er kor sannsynleg det er at eitt forsøk skal lukkast.

Kumulativ= 0 reknar ut sannsynet for ei enkelt hending. Kumulativ= 1 reknar ut det kumulerte sannsynet.

Eksempel

=BINOM.FORDELING(A1;12;0.5;0) viser (viss verdiane 0 til 12 er skrivne inn i A1) sannsynet for at det ved 12 myntkast vert Krone nøyaktig så mange gongar som skrive i A1.

BINOM.FORDELING(A1; 12; 0,5; 1) viser det kumulerte sannsynet for den same serien. For eksempel, viss A1 = 4 er det kumulerte sannsynet av serien 0, 1, 2, 3 eller 4 gongar Krone (ikkje-eksklusiv ELLER).

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.BINOM.DIST

BINOM.INV (BINOM.INV på engelsk)

Returnerer den minste verdien der den kumulative binomialfordelinga er større enn eller lik ein kriterieverdi.

Syntaks

BINOM.INV(Forsøk; Sannsyn; Alfa)

Forsøk er det samla talet på forsøk.

Sannsyn er kor sannsynleg det er at eitt forsøk skal lukkast.

Alfa: Grensesannsynet som er oppnådd eller overskride.

Eksempel

=BINOM.INV(8;0.6;0.9) returnerer 7 som er den minste verdien som den binomiale fordelinga er større enn eller lik kriterieverdien.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.BINOM.INV

EKSP.FORDELING (EXPON.DIST på engelsk)

Returnerer den eksponentiale fordelinga.

Syntaks

EKSP.FORDELING(Tal; Lambda; C)

Tal er verdien av funksjonen.

Lambda er parameterverdien.

Kumulativ er ein logisk verdi som avgjer funksjonstypen.Kumulativ = 0 reknar ut tettleiksfunksjonen og Kumulativ = 1 reknar ut fordelinga.

Eksempel

=EKSP.FORDELING(3;0,5;1) returnerer 0,7768698399.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.EXPON.DIST

EKSP.FORDELING (EXPONDIST på engelsk)

Returnerer eksponentialfordelinga.

Syntaks

EKSP.FORDELING(Tal; Lambda; Kumulativ)

Tal er verdien av funksjonen.

Lambda er parameterverdien.

Kumulativ er ein logisk verdi som avgjer funksjonstypen.Kumulativ = 0 reknar ut tettleiksfunksjonen og Kumulativ = 1 reknar ut fordelinga.

Eksempel

=NORMALFORDELING(70;63;5;1) returnerer 0,92.

INV.KJIKVADRATFORDELING (CHISQINV på engelsk)

Returnerer den inverse av KJIKVADRATFORDELING.

Syntaks

INV.KJIKVADRATFORDELING(Sannsyn; Fridomsgrader)

Sannsyn er verdien som den inverse kjikvadratfordelinga skal reknast ut frå.

Fridomsgrader er talet på fridomsgrader for kji-kvadratfunksjonen.

INVERS.BETAFORDELING (BETAINV på engelsk)

Returnerer inversverdien til den kumulative betafunksjonen for sannsynleg tettleik.

Syntaks

INVERSBETAFORDELING(Tal; Alfa; Beta [; Start[; Slutt]])

Tal er sannsynet knytt til Beta-fordelinga for dei gjevne argumentaAlfa og Beta.

Alfa er eit strengt positivt parameter til Beta-fordelinga.

Beta er eit strengt positivt parameter til Beta-fordelinga.

Start (valfri) er den nedre grensa for funksjonen. Viss denne manglar, er standardverdien 0.

Slutt (valfri) er den øvre grensa for funksjonen. Viss denne manglar, er standardverdien 1.

I funksjonane i LibreOffice Calc kan ein utelata parametrar som er merkte som valfrie viss det ikkje kjem ein påfølgjande parameter. For eksempel kan du utelata parameter 4 eller parameter 3 og 4 i ein funksjon med fire parametrar, der dei siste to parametrane er merkte som valfrie, men du kan ikkje utelata berre parameter 3.

Eksempel

=BETAFORDELING.INV(0,5; 5; 10) returnerer verdien 0,3257511553.

BETAINV Wiki page

INVERS.KJIFORDELING (CHIINV på engelsk)

Returnerer inversverdien av det einhala sannsynet til kji-kvadratfordelinga.

Syntaks

INVERS.KJIFORDELING(Tal; Fridomsgrader)

Tal er verdien for sannsynet for feil.

Fridomsgrader er graden av fridom i eksperimentet.

Eksempel

Ein terning vert kasta 1020 gongar. Tala på terningen (1 til 6) kom opp 195, 151, 148, 189, 183 og 154 gongar (observatsonsverdiar). Hypotesen om at terningen ikkje er falsk skal prøvast ut.

Kji-fordelinga av stikkprøven er bestemt av formelen ovanfor. Sidan dei verdiane ein ventar seg for eit bestemt tal på terningen for n kast er n gongar 1/6, det vil seia 1020/6 = 170, returnerer formelen ein kji-kvadratverdi på 13,27.

Viss det observerte kji-kvadratet er større enn eller lik det teoretiske kji-kvadratet INVERS.KJIFORDELING, vert hypotesen forkasta sidan skilnaden mellom teori og forsøk er for stor. Viss det observerte kji-kvadratet er mindre enn INVERS.KJIFORDELING, er hypotesen godtatt med det indikerte feilsannsynet.

=INVERS.KJIFORDELING(0,05;5) returnerer 11,07.

=INVERS.KJIFORDELING(0,02;5) returnerer 13,39.

Viss feilsannsynet er 5 % er terningen falsk. Er feilsannsynet 2 %, er det ingen grunn til å tru at terningen er manipulert.

KJIFORDELING (CHIDIST på engelsk)

Returnerer sannsynsverdien for om den oppgjevne kjikvadratverdien bekreftar hypotesen. KJIFORDELING samanliknar Kji-kvadratverdien som skal gjevast for eit tilfeldig utval som er rekna ut frå summen av (observert verdi - venta verdi)^2/venta verdi for alle verdiane, vert samanlikna med den teoretiske Kji-kvadratfordelinga og bestemmer på bakgrunn av denne sannsynet for feil for hypotesen som vert testa.

Sannsynet som er reka ut med KJIFORDELING kan også bestemmast med KJITEST.

Syntaks

KJIFORDELING(Tal; Fridomsgrader)

Tal er kji-kvadratverdien av stikprøven som er brukt for å bestemma sannsynet for feil.

Fridomsgrader er graden av fridom i eksperimentet.

Eksempel

=KJIFORDELING(13,27; 5) er lik 0,02.

Viss kjikvadratverdien av stikkprøven er 13,27 og viss eksperimentet har fridomsgraden 5, så er sannsynsfeilen 2 %. Altså er hypotesen nokså sikker.

KJIKVADRAT.FORDELING.H (CHISQ.DIST.RT på engelsk)

Returnerer sannsynsverdien for at ein hypotese er bekrefta ut frå det gjevne kjikvadratet . KJIKVADRAT.FORDELING.H samanliknar kjikvadratverdien som er gjeven for ein tilfeldig prøve som er rekna ut frå summen av (observert verdi - forventa verdi) ^2 / forventa verdi med den teoretiske kjikvadratfordelinga og bestemmer ut frå dette feilsannsynet for hypotesen som vert utprøvd.

Sannsynet som vart funne med KJIKVADRAT.FORDELING.H kan også reknast ut med KJITEST.

Syntaks

KJIKVADRAT.FORDELING.H(Tal; Fridomsgrader)

Tal er kji-kvadratverdien av stikprøven som er brukt for å bestemma sannsynet for feil.

Fridomsgrader er graden av fridom i eksperimentet.

Eksempel

=KJIKVADRAT.FORDELING.H(13,27; 5) er lik 0,0209757694.

Viss kjikvadratverdien av stikkprøven er 13,27 og viss eksperimentet har fridomsgraden 5, så er sannsynsfeilen 2 %. Altså er hypotesen nokså sikker.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.CHISQ.DIST.RT

KJIKVADRAT.INV (CHISQ.INV på engelsk)

Returnerer inversverdien av det venstrehala sannsynet til kji-kvadratfordelinga.

Syntaks

KJIKVADRAT.INV(Sannsyn; Fridomsgrader)

Sannsyn er sannsynsverdien som inversen av kjikvadratfordelinga vert rekna ut etter.

Fridomsgrader er fridomsgrader for kjikvadratfunksjonen.

Eksempel

=INV.KJIKVADRATFORDELING(0,5;1) returnerer 0,4549364231.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.CHISQ.INV

KJIKVADRAT.INV.H (CHISQ.INV.RT på engelsk)

Returnerer inversverdien av det einhala sannsynet til kji-kvadratfordelinga.

Syntaks

KJIKVADRAT.INV.H(Tal; Fridomsgrader)

Tal er verdien for sannsynet for feil.

Fridomsgrader er graden av fridom i eksperimentet.

Eksempel

Ein terning vert kasta 1020 gongar. Tala på terningen (1 til 6) kom opp 195, 151, 148, 189, 183 og 154 gongar (observatsonsverdiar). Hypotesen om at terningen ikkje er falsk skal prøvast ut.

Kji-fordelinga av stikkprøven er bestemt av formelen ovanfor. Sidan dei verdiane ein ventar seg for eit bestemt tal på terningen for n kast er n gongar 1/6, det vil seia 1020/6 = 170, returnerer formelen ein kji-kvadratverdi på 13,27.

Viss det observerte kji-kvadratet er større enn eller lik det teoretiske kji-kvadratet INVERS.KJIFORDELING, vert hypotesen forkasta sidan skilnaden mellom teori og forsøk er for stor. Viss det observerte kji-kvadratet er mindre enn INVERS.KJIFORDELING, er hypotesen godtatt med det indikerte feilsannsynet.

=KJIKVADRAT.INV.RT(0,05;5) returnerer 11,0704976935.

=KJIKVADRAT.INV.H(0,02;5) returnerer 13,388222599.

Viss feilsannsynet er 5 % er terningen falsk. Er feilsannsynet 2 %, er det ingen grunn til å tru at terningen er manipulert.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.CHISQ.INV.RT

KJIKVADRAT.TEST (CHISQ.DIST på engelsk)

Returnerer sannsynet for eit avvik frå ei tilfeldig fordeling av to testseriar basert på kji-kvadrattesten for handlefridom. KJIKVADRAT.TEST returnerer kjikvadratfordelinga til dataa.

Sannsynet rekna ut med KJITEST kan også bestemmast med KJIKVADRATFORDELING. Kji-kvadratet av stikkprøven må i tilfelle vera gjeven som ein parameter i staden for dataradene.

Syntaks

KJIKVADRAT.TEST(dataB; DataE)

Observert_verdi er området med observasjonane.

Teoretisk_verdi er området med dei teoretiske, venta verdiane.

Eksempel

Observert_verdi (observert)

Teoretisk_verdi (venta verdi)

1

195

170

2

151

170

3

148

170

4

189

170

5

183

170

6

154

170


=CHISQ.TEST(A1:A6;B1:B6) er lik 0,0209708029. Dette er sannsynet for at dei observerte dataa er nok for den teoretiske kjikvadratfordelinga.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.CHISQ.TEST

KJIKVADRATFORDELING (CHISQ.DIST på engelsk)

Returnerer sannsynstettleiksfunksjonen eller den kumulative fordelingsfunksjonen for kjikvadratfordelinga.

Syntaks

KJIKVADRAT.FORDELING(Tal; Fridomsgrader; Kumulativ)

Tal er kji-kvadratverdien av stikprøven som er brukt for å bestemma sannsynet for feil.

Fridomsgrader er graden av fridom i eksperimentet.

Kumulativ kan vera 0 eller USANN for å rekna ut den sannsynlege fordelingsfunksjonen. For alle andre verdiar eller SANN vert den kumulerte fordelingsfunksjonen rekna ut.

Eksempel

=KJIKVADRAT.FORDELING(3; 2; 0) er 0.,115650801, tettleikssannsynet med 2 fridomsgrader og x = 3.

=KJIKVADRAT.FORDELING(3; 2; 1) er 0,768698399, den kumulative kjikvadratfordelinga med 2 fridomsgrader og x = 3

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.CHISQ.DIST

KJIKVADRATFORDELING (CHISQDIST på engelsk)

Gjev verdien til sannsynstettleiksfunksjonen eller den kumulative fordelingsfunksjonen for kji-kvadrat-fordelinga.

Syntaks

KJIKVADRATFORDELING(Verdi; Fridomsgrader[; Kumulativ])

Tal er det talet funksjonen skal bruka for utrekningane.

Fridomsgrader er grader av fridom for kji-kvadratfunksjonen.

Kumulativ: (valfri) 0 eller USANN reknar ut tettleiksfunksjonen. Alle andre verdiar, SANN eller ingenting, reknar ut den kumulative fordelingsfunksjonen.

KJITEST (CHITEST på engelsk)

Returnerer sannsynet for eit avvik frå ei tilfeldig fordeling av to testseriar basert på kji-kvadrattesten for handlefridom. KJITEST gjev kjikvadratfordelinga av dataa.

Sannsynet rekna ut med KJITEST kan også bestemmast med KJIFORDELING. Kji-kvadratet av stikkprøven må i tilfelle vera gjeven som ein parameter i staden for dataradene.

Syntaks

KJITEST(Observert_verdi; Teoretisk_verdi)

Observert_verdi er området med observasjonane.

Teoretisk_verdi er området med dei teoretiske, venta verdiane.

Eksempel

Observert_verdi (observert)

Teoretisk_verdi (venta verdi)

1

195

170

2

151

170

3

148

170

4

189

170

5

183

170

6

154

170


=KJITEST(A1:A6; B1:B6) er lik med 0,02. Dette er sannsynet som stemmer med dei observerte dataa frå den teoretiske Kji-kvadrat-fordelinga.

NEGBINOM.FORDELING

Returnerer sannsynet for binomialfordelinga til enkeltperioden.

Syntaks

BINOM.FORDELING(X; Forsøk; Sannsyn; Kumulativ)

X er talet på vellukka forsøk i ein forsøksserie.

Forsøk er talet på uavhengige forsøk.

Sannsyn er kor sannsynleg det er at eitt forsøk skal lukkast.

Kumulativ= 0 reknar ut sannsynet for ei enkelt hending. Kumulativ= 1 reknar ut det kumulerte sannsynet.

Eksempel

=BINOM.FORDELING(A1; 12; 0,5; 0) viser (viss verdiane 0 til 12 er skrivne inn i A1) sannsynet for at krone skal koma opp nøyaktig så mange gongar etter 12 kast som vist i A1.

=BINOM.FORDELING(A1; 12; 0,5; 1) viser dei kumulerte sannsyna for den same serien. For eksempel, viss A1 = 4 er det kumulerte sannsynet av serien 0, 1, 2, 3 eller 4 gongar "Krone" (ikkje-eksklusiv ELLER).

RKVADRAT (RSQ på engelsk)

Returnerer kvadratet av Pearson-korrelasjonskoeffesienten basert på dei oppgjevne verdiane. RKVADRAT (også kalla determinasjonskoeffisient) er eit mål på kor nøyaktig ei justering er og kan brukast til å laga ein regresjonsanalyse.

Syntaks

RKVADRAT(DataY; DataX)

DataY er ei matrise eller eit område med datapunkt.

DataX er ei matrise eller eit område med datapunkt

Eksempel

=RKVADRAT(A1:A20; B1:B20)reknar ut korrelasjonskoeffisienten for begge datasetta i kolonnane A og B.

SKJERINGSPUNKT (INTERCEPT på engelsk)

Reknar ut punktet der ei linje skjer y-verdiane ved å bruka kjende x-verdiar (kjend_x) og y-verdiar (kjend_y).

Syntaks

SKJERINGSPUNKT (DataY; DataX)

DataY er det avhengige settet av observasjonar eller data.

DataX er det uavhengige settet av observasjonar eller data.

Du må skriva inn namn, matriser eller referansar som inneheld tal her. Du kan også skriva inn tal direkte.

Eksempel

For å rekna ut skjeringspunktet brukar du cellene D3:D9 som y-verdi og C3:C9 som x-verdi frå eksempelreknearket. Dei innskrivne verdiane vert altså desse:

=SKJERINGSPUNKT(D3:D9;C3:C9) = 2,15.

TAL.PÅ

Tel kor mange tal som finst i lista over argument. Tekststrengar vert ignorerte.

Syntaks

TAL.PÅ(tal 1[; tal 2[; … ;tal 254]]])

tal 1; tal 2; … ;tal 255 er tal, referanse til celler eller celleområde som inneheld tal.

note

Denne funksjonen ignorerer all tekst og tomme celle innføre eit dataområde. Har du mistanke om feil resultat frå denne funksjonen, ser du etter tekst i dataområda. For å utheva tekstinnhald i dataområdet, brukar du funksjonen verdimerking.


Eksempel

Elementa 2, 4, 6 og åtte i felta Verdi 1 - 4 skal teljast.

=TAL.PÅ(2; 4; 6; "åtte") = 3. Talde tal er difor 3.

TAL.PÅA

Tel kor mange verdiar som finst i lista over argument. Tel òg tekststrengar (sjølv om dei inneheld ein kortstreng med lengd 0). Tomme celler vert ignorerte dersom argumentet er ei matrise eller referanse.

Syntaks

TAL.PÅA(tal 1[; tal 2[; … ;tal 254]]])

tal 1; tal 2; … ;tal 255 er tal, referanse til celler eller celleområde som inneheld tal.

Eksempel

Elementa 2, 4, 6 og åtte i felta Verdi 1 - 4 skal teljast.

=TAL.PÅA(2;4;6; "åtte") = 4. Talet på verdiar er difor 4.

TEL.VISS

Returnerer talet på celler som oppfyller bestemte vilkår inne i eit celleområde.

Syntaks

TEL.VISS(Område; Vilkår)

Område er området som kriteriet skal brukast på.

Kriterium: Et kriterium er ei enkelt cellereferanse, tal eller tekst. Det vert brukt i samanlikningar med celleinnhald.

Ein referanse til ei tom celle vert tolka som talverdien 0.

Eit samsvarande uttrykk kan vera:

Søkinga har støtte for jokerteikn eller regulære uttrykk. Med regulære uttrykk slått på, kan du for eksempel skriva inn «all.*» for å finna den første staden som byrjar med «all» med kva teikn som helst etter denne. Viss du skal søkja etter ein tekst som også er eit regulært uttrykk, må du anten skriva bakoverstrek (\) framføre kvar operator eller kvart metateikn eller du må lukka inn teksten mellom «\Q» og «\E». Du kan slå den automatiske evalueringa av jokerteikn og regulære uttrykk av eller på frå i → LibreOffice Calc → Rekn ut.

warning

Når du brukar funksjonar der eitt eller fleire argument er søkjekriterium som representerer eit regulært uttrykk, vert det først prøvd å konvertera strengkriteria til tal. For eksempel vert «.0» konvertert til 0.0 og så vidare. Viss dette går bra, vil treffet ikkje vera eit vanleg uttrykk, men eit numerisk treff. Når du brukar eit språk som ikkje brukar punktum som desimalskiljeteikn, som i norsk, vil konverteringa av regulære uttrykk fungera. For å tvinga evalueringa av det regulære uttrykket i staden for eit numerisk uttrykk, bruk eit uttrykk som ikkje kan feiltolkast som numerisk, for eksempel «. [0]» eller «". \ 0» eller «(? I) .0».


Eksempel

A1:A10 er eit celleområde som inneheld tala 2000 til 2009. Cella B1 inneheld talet 2006. I cella B2 skriv du inn denne formelen:

=TEL.VISS(A1:A10;2006) returnerer 1.

=TEL.VISS(A1:A10;B1) returnerer 1.

=TEL.VISS(A1:A10;">=2006") returnerer 4

=TEL.VISS(A1:A10;"<"&B1) ‒ når B1 inneheld 2006, vert 6 returnert

=TEL.VISS(A1:A10;C2) der celle C2 inneheld teksten >2006 vert talet på celler som er større enn 2006 talde i området A1:A10.

For berre å telja negative tal: =TEL.VISS(A1:A10;"<0")

TELBLANKE

Returnerer talet på tomme celler.

Syntaks

TELBLANKE(område)

Returnerer talet på tomme celler i celleområdet Område.

Eksempel

=TELBLANKE(A1:B2) returnerer 4 viss cellene A1, A2, B1, og B2 er tomme.

Støtt oss!