Funksjonar for bitoperasjonar

For å bruka denne funksjonen …

Set inn → Funksjon → Kategori Matematisk


BITEKSKLUSIVELLER (BITXOR på engelsk)

Returnerer ein bitvis logisk «eksklusiv eller» av parameterane.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 3.5.


Syntaks

BITXOR(Tal1; Tal2)

Tal1 og tal2 er positive heiltal mindre enn 2 ^ 48 (281 474 976 710 656).

Eksempel

=BITXOR(6;10) returnerer 12 (0110 ^ 1010 = 1100)

BITELLER

Returnerer ein bitvis logisk «ELLER» av parameterane.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 3.5.


Syntaks

BITELLER(tal1; tal2)

Tal1 og tal2 er positive heiltal mindre enn 2 ^ 48 (281 474 976 710 656).

=BITELLER(6;10) returnerer 14 (0110 | 1010 = 1110).

BITOG (BITAND på engelsk)

Returnerer ein bitvis logisk «og» av parameterane.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 3.5.


Syntaks

BITOG(tal1; tal2)

Tal1 og tal2 er positive heiltal mindre enn 2 ^ 48 (281 474 976 710 656).

Eksempel

=BITOG(6;10) returnerer 2 (0110 & 1010 = 0010).

BITSKIFTH (BITRSHIFT på engelsk)

Flytter eit tal n bit-ar mot høgre.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 3.5.


Syntaks

BITSKIFTH(Tal; Skift)

Tal er eit positivt heiltal mindre enn 2 ^ 48 (281 474 976 710 656).

Skift er kor mange plassar bit-ane skal flyttast til høgre. Dersom Skift er negativ, vert dette det same som å bruka BITVFORSKYV(Tal, -Skift).

Eksempel

=BITSKIFTH(6;1) returnerer 3 (0110 >> 1 = 0011).

BITSKIFTV (BITLSHIFT på engelsk)

Forskyv eit tal n bit til venstre.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 3.5.


Syntaks

BITSKIFTV(Tal; Skift)

Tal er eit positivt heiltal mindre enn 2 ^ 48 (281 474 976 710 656).

Skift er kor mange plassar bit-ane skal flyttast til venstre. Dersom Skift er negativ, vert dette det same som å bruka BITHFORSKYV(Tal, -Skift).

Eksempel

=BITSKIFTV(6;1) returnerer 12 (0110 << 1 = 1100).

Støtt oss!