Tilleggsfunkisjonar, liste over analysfunksjonar, første del

note

Tilleggsfunksjonane er leverte av UNO com.sun.star.sheet.addin.Analysis service.


For å bruka denne funksjonen …

Set inn → Funksjon → Kategori Tillegg


BESSELK

Reknar ut den modifiserte Bessel-funksjonen av andre kategori Kn(x).

Syntaks

BESSELK(X;N)

X er den nødvendige positive verdien (X > 0) som funksjonen skal reknast ut for.

N er eit positivt heiltal (N >= 0) som bestemmer rekkjefølgja av besselfunksjonen Kn(x).

Eksempel

=BESSELK(3,45; 4), returnerer 0,144803466373734

=BESSELJ(3,45; 4,333), returnerer 0,144803466373734, det same som ovanfor fordi brøkdelen av N vert ignorert.

=BESSELK(0, 3), returnerer Feil:502 – ugyldig argument (X=0)

BESSELY

Reknar ut den modifiserte Bessel-funksjonen av andre kategori Yn(x).

Syntaks

BESSELY(X;N)

X er den nødvendigvis positive verdien (X > 0) som funksjonen skal reknast ut for.

N er eit positivt heiltal (N >= 0) som bestemmer rekkjefølgja av besselfunksjonen Yn(x).

Eksempel

=BESSELY(3,45; 4), returnerer -0.679848116844476

=BESSELY(3,45; 4,333), returnerer -0,679848116844476, det same som ovanfor fordi brøkdelen av N vert ignorert.

=BESSELY(0, 3), returnerer Feil:502 – ugyldig argument (X=0)

BESSELI

Reknar ut den modifiserte Bessel-funksjonen av første kategori In(x).

Syntaks

BESSELI(X;N)

X er den verdien som funksjonen skal reknast ut for.

N er eit positivt heiltal (N >= 0) som bestemmer rekkjefølgja av besselfunksjonen ln(x).

Eksempel

=BESSELI(3,45; 4), returnerer 0,651416873060081

=BESSELI(3,45; 4.333), returnerer 0,651416873060081, same som ovanfor fordi brøkdelen av N vert ignorert.

=BESSELI(-1; 3), returnerer -0,022168424924332

BESSELJ

Reknar ut den modifiserte Bessel-funksjonen av første kategori Jn(x) (sylinderfunksjon).

Syntaks

BESSELJ(X;N)

X er den verdien som funksjonen skal reknast ut for.

N er eit positivt heiltal (N >= 0) som bestemmer rekkjefølgja av besselfunksjonen Jn(x).

Eksempel

=BESSELJ(3,45; 4), returnerer 0,196772639864984

=BESSELJ(3,45; 4,333), returnerer 0,196772639864984, det same som ovanfor fordi brøkdelen av N vert ignorert.

=BESSELJ(-1; 3), returnerer -0,019563353982668

GRENSEVERDI (GESTEP på engelsk)

Resultatet er 1 dersom Tal er større enn eller lik med Terskel.

Syntaks

GRENSEVERDI(Tal[; Steg])

Eksempel

=GRENSEVERDI(5;1) returnerer 1.

DELTA

Resultatet er SANN (1) om båe tala, som er leverte som eit argument, er like, elles er det USANN (0).

Syntaks

DELTA(Tal_1[; Tal_2])

Eksempel

=DELTA(1; 2) returnerer 0.

BINTILDES (BIN2DEC på engelsk)

Resultatet er desimaltalet som tilsvarer det binære talet som vart skrive inn.

Syntaks

BINTILDES(Tal)

Tal er eit binært tal. Talet kan høgst ha 10 plassar (bit). Den mest signifikante bit er forteiknsbit-en. Negative tal vert skrivne inn som tos komplement.

Eksempel

=BINTILDES(1100100) returnerer 100.

HEKSTILDES (HEX2DEC på engelsk)

Resultatet er desimaltalet som tilsvarer hexadesimaltalet som vart skrive inn.

Syntaks

HEKSTILDES(Tal)

Tal er eit heksadesimalt tal eller ein streng som representerer eit heksadesimalt tal. Talet kan høgst ha 10 siffer. Den mest signifikante bit er forteiknbiten, resten inneheld verdien. Negative tal vert skrivne inn som tos komplement.

Eksempel

=HEKSTILDES(6a) returnerer 106.

DESTILBIN (DEC2BIN på engelsk)

Resultatet er det binære talet som tilsvarer desimaltalet som vart skrive inn mellom -512 og 511.

Syntaks

DESTILBIN(Tal[; Siffer])

Tal er eit desimaltal. Dersom «Tal» er negativ, vil funksjonen returnere eit binært tal med 10 teikn. Den mest signifikante bit er teiknbit, de andre ni bit returnerer verdien.

Siffer er kor mange siffer det returnerte svaret skal innehalda.

Eksempel

=DESTILBIN(100;8) returnerer 01100100.

HEKSTILBIN (HEX2BIN på engelsk)

Resultatet er det binære talet som tilsvarer hexadesimaltalet som vart skrive inn.

Syntaks

HEXTILBIN(Tal[; Siffer])

Tal er eit heksadesimalt tal eller ein streng som representerer eit heksadesimalt tal. Talet kan høgst ha 10 siffer. Den mest signifikante bit er forteiknbiten, resten inneheld verdien. Negative tal vert skrivne inn som tos komplement.

Siffer er kor mange siffer som skal returnerast.

Eksempel

=HEKSTILBIN(6a; 8) returnerer 01101010.

DESTILHEX (DEC2HEX på engelsk)

Resultatet er hexadesimaltalet som tilsvarer desimaltalet som vart skrive inn.

Syntaks

DESTILHEKS(Tal[; Siffer])

Tal er eit desimaltal. Dersom «Tal» er negativ returnerer funksjonen eit hexadesimalt tal med 10 teikn (40 bit). Den mest signifikante bit er teikn-bit, dei andre 39 bit returnerer verdien.

Siffer er kor mange siffer det returnerte svaret skal innehalda.

Eksempel

=DESTILHEKS(100; 4) returnerer 0064.

BINTILHEKS (BIN2HEX på engelsk)

Resultatet er hexadesimaltalet som tilsvarer det binære talet som vart skrive inn

Syntaks

BINTILHEKS(Tal[; Plassar])

Tal er eit binært tal. Talet kan høgst ha 10 plassar (bit). Den mest signifikante bit er forteiknsbit-en. Negative tal vert skrivne inn som tos komplement.

Talet på siffer som skal returnerast.

Eksempel

=BINTILHEX(1100100;6) returnerer 000064.

DESTILOKT (DEC2OCT på engelsk)

Resultatet er oktaltalet som tilsvarer desimaltalet som vart skrive inn.

Syntaks

DESTILOKT(Tal[; Siffer])

Tal er eit desimaltal. Dersom Tal er negativt, vil funksjonen returnere eit oktaltal med 10 teikn (30 bit). Den mest signifikante bit er forteiknbit, dei andre 29 bit returnerer verdien.

Siffer er kor mange siffer det returnerte svaret skal innehalda.

Eksempel

=DESTILOKT(100;4) returnnerer 0144.

BINTILOKT (BIN2OCT på engelsk)

Resultatet er oktaltalet som tilsvarer det binære talet som vart skrive inn.

Syntaks

BINTILOKT(Tal[; Siffer])

Tal er eit binært tal. Talet kan høgst ha 10 plassar (bit). Den mest signifikante bit er forteiknsbit-en. Negative tal vert skrivne inn som tos komplement.

Siffer er kor mange siffer det returnerte svaret skal innehalda.

Eksempel

=BINTILOKT(1100100; 4) returnerer 0144.

HEKSTILOKT (HEX2OCT på engelsk)

Resultatet er oktaltalet som tilsvarer hexadesimaltalet som vart skrive inn.

Syntaks

DESTILOKT(Tal[; Siffer])

Tal er eit heksadesimalt tal eller ein streng som representerer eit heksadesimalt tal. Talet kan høgst ha 10 siffer. Den mest signifikante bit er forteiknbiten, resten inneheld verdien. Negative tal vert skrivne inn som tos komplement.

Siffer er kor mange siffer som skal returnerast.

Eksempel

=HEKSTILOKT(6a;4) returnerer 0152.

FEILFK (ERFC på engelsk)

Returnerer komplementære verdiar av Gauss-feilintegralet mellom x og uendeleg.

Syntaks

FEILFK(Nedre_grense)

Nedre_grense er nedste grense på integralet

Eksempel

=FEILFK(1) returnerer 0,157299.

FEILFK.PRESIS (ERFC.PRECISE på engelsk)

Returnerer komplementære verdiar av Gauss-feilintegralet mellom x og uendeleg.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.3.


Syntaks

FEILFK.PRESIS(NedreGrense)

Nedre_grense er nedste grense på integralet

Eksempel

=FEILFK.PRESIS(1) returnerer 0,157299.

FEILF.PRESIS (ERF.PRECISE på engelsk)

Returnerer verdiane av Gauss-feilintegralet mellom 0 og ei gjeven grense.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.3.


Syntaks

FEILF.PRESIS(Nedre grense)

Nedre grense er grensa for integralet. Utrekninga vert gjort mellom 0 og denne grenseverdien.

Eksempel

=FEILF.PRESIS(1) returnerer 0,842701.

FEILF

Returnerer verdiane av eit Gauss-feilintegral.

Syntaks

FEILF(Nedre_grense[; Øvre_grense])

Nedre_grense er nedre grense på integralet.

Øvre grense (valfri). Den øvre grensa på integralet. Dersom denne ikkje er oppgjeve, vert utrekningane gjort mellom 0 og den nedre grensa.

Eksempel

=FEILF(0; 1) returnerer 0,842701.

Støtt oss!