Tekstfunksjonar
Denne bolken handlar om Tekst-funksjonane.
ASC
ASC funksjonen konverterer fullbreidde til halvbreidde ASCII- og katakana-teikn. Returnerer ein tekststreng.
Du kan finne ein konverteringstabell på https://wiki.documentfoundation.org/Calc/Features/JIS_and_ASC_functions.
ASC("Tekst")
Tekst er teksten som inneheld teikn som skal konverterast.
Sjå også JIS-funksjonen.
ERSTATT (REPLACE på engelsk)
Byter ut ein del av ein tekststreng med ein annan. Kan brukast til å byta ut både teikn og tal (tala vert automatisk gjorde om til tekst). Resultatet av denne funksjonen vert alltid vist som tekst. Om du vil gjera fleire utrekningar på eit tal som er bytt ut med tekst, må du gjera om teksten til eittal ved å bruka VERDI-funksjonen.
All tekst som inneheld tal må vera i hermeteikn (") dersom du ikkje ønskjer at han skal tolkast som tal og automatisk verta konvertert til tekst.
ERSTATT("Tekst"; Plassering; Lengd; "NyTekst")
Tekst er den teksten der ein del av innhaldet skal bytast ut.
Posisjon er startpunktet for utskiftinga.
Lengd er kor mange teikn i Tekst som skal bytast ut.
NyTekst er den teksten som skal bytast ut i Tekst.
ERSTATT("1234567"; 1; 1; "444") returnerer "444234567". Eitt teikn i posisjon 1 er erstatta av heile NyTekst.
BYT.UT (SUBSTITUTE på engelsk)
Byter ut ein tekst med ein ny tekst i ein streng.
BYT.UT("Tekst"; "SøkjeTekst"; "NyTekst"[; Førekomst])
Tekst er teksten der tekstsegmenta skal bytast ut.
SøkTekst er tekstsegmentet som skal byttast ut (fleire gongar).
NyTekst er teksten som skal erstatte tekstsegmentet.
Førekomst (valfri) indikerer kva førekomst av søkjeteksten som skal byttast ut. Dersom denne parameteren manglar, vert alle førekomstane bytt ut.
=BYT.UT("123123123";"3";"abc") returnerer 12abc12abc12abc
=BYT.UT("123123123";"3";"abc";2) returnerer 12312abc123
T
Denne funksjonen returnerer målteksten, eller ein tom tekststreng viss målet ikkje er ein tekst.
T(Verdi)
Dersom Verdi er ein tekststreng eller refererer til ein tekststreng, returnerer T denne tekststrengen, ellers returnerer han ein tom tekststreng.
=T(12345) returnerer ein tom streng "".
=T("12345") returnerer strengen 12345.
GJENTA (REPT på engelsk)
Denne funksjonen tek opp att ein tekststreng eit visst tal gongar.
GJENTA("Tekst"; Tal)
Tekst er teksten som skal gjentakast.
Tal er talet på gjentakingar.
Resultatet kan høgst vere 255 teikn.
=GENTA("God morgon";2) returnerer God morgonGod morgon.
REINSK (CLEAN på engelsk)
Fjernar alle teikn som ikkje kan skrivast ut frå strengen.
REINSK("Tekst")
Tekst refererer til teksten som alle teikn som ikkje kan skrivast ut, vert fjerna frå.
LENGDB
For teiknsett som bruker to byte for å definera eit teikn (DBCS). Returnerer talet på byte som er brukte for å laga teikna i ein tekststreng.
LENGDB("Tekst")
Tekst er teksten som du skal finne lengda til.
LENGDB("中") returnerer 2 (1 DBCS-teikn inneheld 2 byte).
LENGDB("中国") returnerer 4 (2 DBCS-teikn med 2 byte kvar).
LENGDB("office") returnerer 6 (6 ikkje-DBCS-teikn der kvat teikn inneheld 1 byte).
=LENGDB("God ettermiddag") returnerer 15.
=LENGDB(12345,67) returnerer 8.
BAHTTEKST (BAHTTEXT på engelsk)
Gjer eit tal om til Thaitekst, inklusive Thaivalutanamn.
BAHTTEKST(Tal)
Tal er eit vilkårleg tal. «Baht» vert lagt til den heile delen av talet, og «Satang» vert lagt til desimaldelen av talet.
=BAHTTEKST(12,65) returnerer ein streng i Thaiteikn som omsett vert «Tolv Baht og sekstifem Satang».
SMÅ (LOWER på engelsk)
Gjer om alle store bokstavar i ein tekst til små bokstavar.
SMÅ("Tekst")
Tekst refererer til teksten som skal konverterast.
=SMÅ("Sola") returnerer sola.
VERDI (VALUE på engelsk)
Gjer om ein tekst til eit tal.
VERDI("Tekst")
Tekst er den teksten som skal konverterast til eit tal.
=VERDI("4321") returnerer 4321.
BASE
Gjer om eit positivt heiltal til ein tekst i eit bestemt talsystem. Tala 0-9 og bokstavane A-Z vert brukte.
BASE(Tal; Grunntal[;Minimumslengd])
Tal er det positive heiltalet som skal konverterast.
Base indikerer basen for talsystemet. Det kan vara alle positive heiltal mellom 2 og 36.
Minimumlengd (valfri) bestemmer den minste lengda på teiknsekvensen som skal lagast. Dersom teksten er kortare enn denne minstelengda, vert det lagt til nullar til venstre i strengen.
=BASIS(17; 10; 4) returnerer 0017 i det desimale talsystemet (titalssystemet).
=BASIS(17; 2) returnerer 10001 i det binære talsystemet.
=BASIS(255; 16; 4) returnerer 00FF i det heksadesimale talsystemet.
ROMARTAL (ROMAN på engelsk)
Gjer om eit tal til eit romartal. verdiområdet må liggja mellom 0 og 3999, og modusverdien må liggja mellom 0 og 4.
ROMARTAL(Tal [; Modus])
Tal er talet som skal konverterast til eit romartal.
Modus (valfri) er graden av forenkling. Dess høgare verdi dess meir vert romartalet forenkla.
=ROMARTAL(999) returnerer CMXCIX
=ROMARTAL(999; 0) returnerer CMXCIX
=ROMARTAL (999; 1) returnerer LMVLIV
=ROMARTAL(999; 2) returnerer XMIX
=ROMARTAL(999; 3) returnerer VMIV
=ROMARTAL(999; 4) returnerer IM
TEIKNKODE
Gjer om eit tal til eit teikn i samsvar med den kodetabellen som er i bruk. Talet kan vera to- eller tresifra og berre heile tal kan brukast.
TEIKNKODE(Tal)
Tal er eit heiltal mellom 1 og 255 som representerer talverdien til teiknet.
TEIKNKODE(100) returnerer teiknet d.
="abc" & CHAR(10) & "def" set teiknet for linjeskift inn i strengen.
STORE (UPPER på engelsk)
Gjer om strengen i tekstfeltet til store bokstavar.
STORE("Tekst")
Tekst er teksten med små bokstavar som du vil konvertere til store bokstavar.
=STORE("God morgon") returnerer GOD MORGON.
JIS
JIS-funksjonen konverterer halvbreidde ASCII- og katakana-teikn til fullbreidde ASCII- og katakana-teikn. Returnerer ein tekststreng.
Du kan finne ein konverteringstabell på https://wiki.documentfoundation.org/Calc/Features/JIS_and_ASC_functions.
JIS("tekst")
Tekst er teksten som inneheld teikn som skal konverterast.
Sjå også funksjonen ASC.
UNITEIKN (UNICHAR på engelsk)
Konverterer ein teiknkode til eit Unicode-teikn eller ein Unicode-bokstav.
UNITEIKN(tal)
=UNITEIKN(169) returnerer opphavsrett-teiknet ©.
Sjå også UNICODE()-funksjonen.
VALUTA (DOLLAR på engelsk)
Konverterer eit tal til ein sum i valutaformatet avrunda til spesifiserte desimalar. Skriv talet som skal konverterast inn i feltet Verdi. Du kan også skriva inn talet på desimalar i feltet Desimalar. Dersom det ikkje er skrive noko her, vert alle tala i valutaformat viste med to desimalar.
Du bestemmer valutaformatet i systeminnstillingane.
VALUTA(Verdi[; Desimalar})
Verdi er eit tal, ein referanse til ei celle med eit tal eller ein formel som returnerer eit tal.
Desimalar er talet på desimalar.
=VALUTA(255) returnerer kr 255,00.
VALUTA(367,456; 2) returnerer kr 367,46. Bruk det desimalteiknet som svarar til den gjeldande lokale innstillinga.
DESIMAL (DECIMAL på engelsk)
Konverterer tekst med teikn frå eit talsystem til eit positivt heiltal med den gjevne radix-basen. Basen må vera i området 2 til 36. Mellomrom og tabuleringar vert ignorerte. Feltet Tekst skil ikkje mellom små og store bokstavar.
Viss basen er 16 vert eit innleiande x eller X, 0x eller 0X eller avsluttande h eller H ignorerte. Viss basen er 2, vert avsluttande b eller B ignorert. Andre teikn som ikkje høyrer til i talsystemet vil generere ein feil.
DESIMAL("Tekst"; Base)
Tekst er teksten som skal konverterast. Om du ønskjer å skilja mellom eit heksadesimalt tal som for eksempel A1 og referansen til cella A1, må du setja talet i hermeteikn. Eksempel "A1" eller "FACE".
Base indikerer basen for talsystemet. Det kan vara alle positive heiltal mellom 2 og 36.
=DESIMAL("17"; 10) returnerer 17.
=DESIMAL("FACE"; 16) returnerer 64206.
=DESIMAL("0101"; 2) returnerer 5.
TEKST (TEXT på engelsk)
Omformar ein verdi til tekst ut frå det gjevne formatet.
TEKST(Verdi; Format)
Verdi er den nummeriske verdien eller tekstverdien som skal omformast.
Format er teksten som definerer formatet. Bruk desimal- og tusenskiljeteikn ut frå språkinnstillinga i celleformatet.
=TEKST(12,34567;"###,##") returnerer teksten 12,35
=TEKST(12,34567;"000,00")returnerer teksten 012,35
=TEXT("xyz";"=== @ ===") returnerer teksten === xyz ===
Sjå også Talformatkodar: tilpassa formatkodar definert av brukaren.
ARABISK (ARABIC på engelsk)
Reknar ut verdien av eit romartal. Verdiområdet ma liggja mellom 0 og 3999.
ARABISK("Tekst")
Tekst er teksten som tilsvarer eit romartal.
=ARABISK("MXIV") returnerer 1014
=ARABISK("MMII") returnerer 2002
VENSTREB
Returnerer dei første teikna av ein DBCS-tekst.
VENSTREB("Tekst"[; Tal_på_byte])
Tekst er teksten teikna skal hentast frå.
Tal_på_byte (valfri) er talet på kor mange teikn frå byrjinga av teksten som skal returnerast, basert på byte. Dersom denne parameteren ikkje er sett, vert eitt teikn returnert.
VENSTREB("中国";1) returnerer « » (1 byte er berre halvparten av eit DBCS-teikn og mellomrom vert returnert i staden).
VENSTREB("中国";2) returnerer «中» (2 byte er eit fullstendig DBCS-teikn).
VENSTREB("中国";3) returnerer «中 » (3 byte er eitt og eit halvt DBCS-teikn. Det siste teiknet er difor eit mellomrom).
VENSTREB("中国";4) returnnerer «中国» (4 byte er to fullstendige DBCS-teikn).
VENSTREB("office";3) returnerer "off" (3 ikkje-DBCS-teikn, kvar på 1 byte).
VENSTRE (LEFT på engelsk)
Returnerer det første teiknet eller dei første teikna i ein tekst.
VENSTRE("Tekst"[; Tal])
Tekst er teksten teikna skal hentast frå.
Tal (valfri) er talet på kor mange teikn frå byrjinga av teksten som skal returnerast. Dersom denne parameteren ikkje er sett, vert det returnert eitt teikn.
=VENSTRE("utdata"; 3) returnerer «utd».
HØGREB
Returnerer det siste teiknet eller dei siste teikna i ein tekst som bruker dobbelbyte teiknsett (DBCS).
HØGREB("Tekst" [; Tal_byte])
Tekst er teksten som dei høgre teikna skal hentast ut frå.
Tal_på_byte (valfri) bestemmer kor mange teikn som HØGREB skal dra ut, basert på byte.
HØGREB("中国";1) returnerer « » (1 byte er berre halvparten av eit DBCS-teikn og mellomrom vert returnert i staden).
HØGREB("中国";2) returnerer «国» (2 byte er eit fullstendig DBCS-teikn).
HØGREB("中国";3) returnerer « 国» (3 byte er eitt og eit halvt DBCS-teikn. Det vert difor returnert eit mellomrom for det første halve teiknet).
HØGREB("中国";4) returnnerer «中国» (4 byte er to fullstendige DBCS-teikn).
HØGEB("office";3) returnerer «ice» (3 ikkje-DBCS-teikn, kvar på 1 byte).
KODE (CODE på engelsk)
Returnerer ein talkode for det første teiknet i ein tekststreng.
KODE("Tekst")
Tekst er teksten der koden til det første teiknet skal finnast.
=KODE("Hieronymus") returnerer 72, =KODE("hieroglyfisk") returnerer 104.
Koden som vert bruk her refererer ikkje til ASCII, men til den teikntabellen som er i bruk.
MIDB
Returnerer ein tekststreng frå ein DBCS-tekst. Parameterane gjev startposisjonen og kor mange teikn som skal returnerast.
MIDTB("Tekst"; Start; Tal_på_byte)
Tekst er teksten som teikna skal hentast frå.
Start er posisjonen for det første teiknet i strengen du skal hente ut.
Tal_på_byte er kor mange teikn MIDTB skal hente ut frå teksten, i byte.
MIDTB("中国";1;0) returnerer «» (0 byte er alltid ein tom streng).
MIDTB("中国";1;1) returnerer « » (1 byte er berre eit halvt DBCS-teikn og resultatet vert difor eit mellomrom).
MIDTB("中国";1;2) returnerer «中» (2 byte er eit fullstendig DBCS-teikn).
MIDTB("中国";1;3) returnerer «中 » (3 byte er eitt og eit halvt DBCS-teikn. Det siste teiknet er difor eit mellomrom).
MIDTB("中国";1;4) returnnerer «中国» (4 byte er to fullstendige DBCS-teikn).
MIDTB("中国";2;1) returnerer « » (den 2. byteposisjonen er ikkje byrjinga av eit teikn i ein DBCS-streng og resultatet vert difor eit mellomrom).
MIDTB("中国";2;2) returnerer « » (den 2. byteposisjonen peikar til den siste halvdelen av det første teiknet i ein DBCS-streng. Dei 2 bytane som vert returnerte er difor den siste halvparten av det første teiknet og den første halvparten av det andre teiknet. Det vert difor returnert 2 mellomrom).
MIDTB("中国";2;3) returnerer « 国» (den 2. byteposisjonen er ikkje byrjinga av eit teikn i ein DBCS-streng og resultatet vert difor eit mellomrom for byteposisjon 2).
MIDTB("中国";3;1) returnerer « » (den 3. byteposisjonen er ved byrjinga av eit teikn i ein DBCS-streng, men 1 byte er berre halvparten av eit DBCS-teikn og difor vert difor eit mellomrom returnert).
MIDTB("中国";3;2) returnerer « » (den 3. byteposisjonen er ved byrjinga av eit teikn i ein DBCS-streng og 2 byte utgjer eit DBCS-teikn).
MIDTB("office";2;3) returnerer «ffi» (den 2. byteposisjonen er ved byrjinga av eit teikn i ein ikkje-DBCSstreng og 3 byte av ein ikkje-DBCS-streng utgjer 3 teikn).
MIDT
Returnerer ein tekststreng frå ein tekststreng. Parameterane gjev startposisjonen og kor mange teikn.
MIDT("Tekst"; Start; Tal)
Tekst er teksten som teikna skal hentast frå.
Start er posisjonen for det første teiknet i strengen du skal hente ut.
Tal er kor mange teikn som skal hentast ut.
=MIDT("office";2;2) returnerer ff.
FAST (FIXED på engelsk)
Returnerer eit tal som tekst med eit bestemt tal desimalar og med eller utan tusenskiljeteikn.
FAST(Tal; Desimalar[; IngenTusenskiljeteikn])
Tal er talet som skal konverterast.
Desimalar er talet på desimalar som skal visast.
IngenTusenSkiljeteikn (valfri) bestemmer om det skal brukast skiljeteikn som skilje mellom tusentala. Viss parameteren er eit tal ulik 0, vert skiljeteiknet ikkje brukt. Er talet lik 0 eller manglar, vil tusenskiljeteiknet du har sett i gjeldande lokale innstillingar verta brukt.
=FAST(1234567,89;3) returnerer 1.234.567,890 som ein tekststreng.
=FAST(1234567,89;3;1) returnerer 1234567.890 som ein tekststreng.
LENGD (LEN på engelsk)
Returnerer lengda på ein tekststreng medrekna mellomrom.
LENGD("Tekst")
Tekst er teksten som du skal finne lengda til.
=LENGD("God ettermiddag") returnerer 15.
=LENGD(12345,67) returnerer 8.
FINN (FIND på engelsk)
Returnerer plasseringa av ein streng i ein annan streng. Du kan òg skriva inn kvar søket skal byrja.Søkjeordet kan vera eit tal eller ein annan teiknstreng. Søket skil mellom store og små bokstavar.
FINN("FinnTekst"; "Tekst"[; Plassering])
FinnTekst er teksten som skal finnast. («Nåla»).
Tekst er teksten det skal søkjast i. («Høystakken»).
Plasering (valfri) er posisjonen i teksten som søket skal byrja frå.
=FINN(76; 998877665544) returnerer 6.
SØK (SEARCH på engelsk)
Returnerer posisjonen til ein deltekst i ein tekststreng. Du kan setja startposisjonen til søket. Søkjeteksten kan vera eit tal eller ein streng med teikn. Søket skil ikkje mellom store og små bokstavar. Viss teksten ikkje vart funnen, vert feilmeldinga 519 (#VERDI) vist.
SØK("FinnTekst"; "Tekst"[; Plassering])
FinnTekst er teksten det skal søkast etter.
Tekst er teksten det skal søkast i.
Plassering (valfri) er plasseringa i teksten som søket skal byrje frå.
=SØK(54; 998877665544) returnerer 10.
UNICODE
Returnerer talkoden for det første Unicode-teiknet i ein tekststreng.
UNICODE("Tekst")
=UNICODE("©") returnerer unicodeverdien 169 for copyrightteiknet.
Sjå også UNITEIKN()-funksjonen.
HØGRE (RIGHT på engelsk)
Returnerer teikna lengst til høgre i ein tekst.
HØGRE("Tekst" [; Tal])
Tekst er teksten som teikna skal hentast ut frå.
Tal (valfri) er talet på teikn som skal hentast ut frå den høgre sida av teksten.
=HØGRE("Søndag";2) returnerer ag.
NØYAKTIG (EXACT på engelsk)
Samanliknar to tekststrengar og returnerer SANN om dei er nøyaktig like, elles USANN. Denne funksjonen skil mellom store og små bokstavar.
NØYAKTIG("Tekst1"; "Tekst2")
Tekst1 er den første teksten som skal samanliknast.
Tekst2 er den andre teksten som skal samanliknast.
=NØYAKTIG("microsystems"; "Microsystems") returnerer USANN.
STOR.FORBOKSTAV (PROPER på engelsk)
Skriv den første bokstaven i kvart ord i ein tekststreng med stor forbokstav.
STOR.FORBOKSTAV("Tekst")
Tekst refererer til teksten som skal konverterast.
=STOR.FORBOKSTAV("dette er ein tekst") returnerer «Dette Er Ein Tekst».
KJEDA.SAMAN (CONCATENATE på engelsk)
Slår saman fleire deltekstar til ein samanhengande tekst.
KJEDA.SAMAN(Streng 1[; Streng 2][; … ;[Streng 255]])
Streng 1[; Streng 2][; … ;[Streng 255]] er strengar eller referansar til celler som inneheld strengar.
=KJEDA.SAMAN("God ";"morgon ";"fru ";"Nordmann") returnerer: God morgon fru Nordmann.
TRIM
Tar bort ekstra mellomrom frå ein streng slik at det berre vert igjen eitt mellomrom mellom ord.
TRIM("Tekst")
Tekst er teksten som mellomromma skal fjernast frå.
=TRIM(" hallo......verda ") returnerer «hallo verda» utan mellomrom før og etter, og eitt enkelt mellomrom mellom orda.